Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Invasiv ventilasjon er respiratorbehandling tilslutta trakeostomi. Trakeostomi er eit inngrep der det blir laga eit hol på halsen inn i luftrøyret slik at du kan trekke pusten mellombels utanom strupehovudet. Vi gjer dette når det er behov for mekanisk pustestøtte størstedelen av døgnet.
Du vil bli tilvist til lungemedisinsk utgreiing av enten fastlege eller den avdelinga på sjukehuset du er tilknytt.
Du blir innlagd på sjukehuset dagen før operasjonen. Her får du samtale med anestesilege og den kirurgen som skal operere deg.
Du skal vere fastande frå midnatt.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Når du kjem til operasjonsstua, blir du lagd i narkose av anestesilege.
Vi lagar vi eit hol på halsen inn i luftrøyret ditt for å gjere deg i stand til å trekke pusten mellombels utanom strupehovudet. Inn i dette holet legg vi ein tube/røyr som vi festar med eit band rundt halsen din.
Etter operasjonen blir du overflytta til oppvakningsavdelinga.
Tuben skal du ha i 1–2 veker. Dette er fordi tuben skal danne ein kanal. Etter det blir han bytt ut med ein silikontube som er mjukare enn den første.
Respirator knytte til trakeostomi kan vere eit behandlingsval når det er behov for mekanisk pustestøtte største delen av døgnet. Det er viktig at du er klar over kva for nokre praktiske fordelar og ulemper det kan medføre å ha ein trakealtube, før denne blir innlagd.
Fordelen er at du har full kontroll over respirasjonen og at du har tilgang til reingjering og trakealsuging. Ulempa er auka infeksjonsrisiko, eventuelt tale- og etevanskar, i tillegg at det trengst mykje utstyr og hjelp. Dersom du er avhengig av respiratoren heile døgnet for å puste, skal det vere ein person tilgjengeleg saman med deg heile døgnet.
Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.
For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund