Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Mange pasientar har behov for langtids intravenøse kateter for å få medisinar og/eller ernæring. Desse blir som oftast lagde inn av anestesilege, i ei operasjonsavdeling.
Det er personell ved anestesiavdelinga som legg inn intravenøse kateter og sentrale venekateter. Det finst fleire ulike typar slike kateter.
Veneport (VAP), Hickmankateter, (tunellert) dialysekateter, PICC-line og midlinekateter er namn på nokre slike.
Eit intravenøst kateter er ein tynn slange som blir lagd via huda og inn i ei blodåre (vene) i kroppen. Det blir festa til huda ved innstikkstaden, og blir godt dekt til. Gjennom slike kateter kan ein gi medisinar, ernæring og væske. Nokre av katetera kan ein også ta blodprøver frå.
Dialysekateter blir lagt inn av nyrelege eller anestesilege.
Tilvisinga for innlegging av venekateter blir send til anestesiavdelinga, frå den avdelinga du høyrer til på sjukehuset. Fastlegane tilviser også i sjeldne tilfelle direkte. Tilvisinga blir vurdert av anestesilege.
Når du blir kalla inn for å få lagt inn eit sentralvenøst kateter (til dømes ein veneport) kan det vere at du får beskjed om at du må ta ein del blodprøvar. Desse tek vi som regel rett før inngrepet.
Dersom du bruker blodfortynnande medikament og ikkje har fått nokon beskjed om du skal ta desse før inngrepet, ber vi deg ta kontakt med oss så tidleg som mogleg. Helst nokre dagar før inngrepet.
Du må møte nydusja til inngrepet.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Det er svært viktig at heile prosedyren blir gjennomført sterilt. Før vi legg inn venekateteret blir du derfor nøye vaska med desinfeksjonsmiddel (Klorhexidinsprit), og anestesilegen vil dekkje til huda di i operasjonsfeltet med sterile dukar.
Deretter får du lokalbedøving i huda, og eventuelt litt smertestillande og roande medisinar intravenøst. Anestesilegen legg inn kateteret ved hjelp av ultralyd, og av og til tillegg av røntgengjennomlysing. Når kateteret er på plass, blir plasseringa kontrollert av dette og det blir lagt på sterile bandasjar.
Du vil få med deg eit skriv som beskriv korleis du skal forhalde deg etter inngrepet. Etter at kateteret er på plass, hender det at vi kontrollerer med eit ekstra røntgenbilete på røntgenavdelinga, men ikkje alltid. Du kan reise heim eller til avdelinga etter eit kort opphald på oppvakninga. Du kan ikkje reise heim med alle typar kateter. Enkelte katetertypar krev at du oppheld deg på sjukehuset.
Det vil du i så fall bli informert om før du kjem.
Vidare stell og oppfølging blir følgd opp av den som viste deg. Det kan vere den avdelinga du høyrer til eller i nokre tilfelle fastlegen din, i samarbeid med heimetenesta.
Dersom du har fått veneport eller Hickmannkateter, er det berre anestesilege eller kirurg som skal fjerne desse, i ei operasjonsavdeling. Andre kateter kan fjernast på sjukehusavdelinga. Skulle det vere spørsmål rundt kateteret, kan anestesiavdelinga kontaktast.
Det er ein viss fare for betennelse og alvorleg infeksjon.
Du må kontakte lege omgåande dersom du får teikn til betennelse ved at du hovnar opp og eller blir raud i huda der kateteret sit fast, eller får feber og/eller nedsett allmenntilstand ei tid etter at du har fått eit kateter.
Vi held til 2. etasje i nybygget mot sørvest på Haugesund sjukehus.
For å kome til oss går du inn hovudinngangen, forbi Narvesen kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Der finn du ei ventesone. På døra finner du eit telefonnummer du kan ringe.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund