Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Kneskåla kan slåast ut av ledd ved ei vriding eller eit direkte slag (traume). Hos nokon kan det vere eit gjentakande problem der kneskåla glir ut av ledd ved rørsler som vanlegvis ikkje er problematiske (såkalla kronisk eller habituelle dislokasjon av patella). Kneskåla glir alltid ut mot utsida av kneet (lateralt). Problemet oppstår ofte i barndommen eller i ung alder. Mange får langvarige kneproblem, og vanskar med å delta i sport, spesielt ballidrett med mange plutselege og brå rørsler.
Det er fleire årsaker til kneskåla blir slått ut av ledd (patellainstabilitet). Hos dei fleste er ligamentet som held kneskåla på plass roke eller forlengt kronisk. Dette ligamentet blir kalla MPFL og det er dette vi rekonstruerer i ein eventuell operasjon.
Ved første gongs hending er det ofte stor hevelse og mykje smerter. Pasientane kjem som regel til legevakta, og utgreiinga består av vanleg røntgen først for å utelukke brot.
CT eller MR av kne er aktuelt for å sjå etter lause bein eller bruskbitar som kan slåast av frå kneskåla eller lårbeinet når kneskåla hoppar ut av ledd. Av og til må kneskåla dyttast på plass av helsepersonell, men ofte fell ho tilbake av seg sjølv.
For pasientar med gjentakande (kronisk) instabil kneskål består utgreiinga av klinisk undersøking for å vurdere om det viktigaste leddbandet til kneskåla er intakt eller ikkje, og dessutan CT og MR for å bedømme kvaliteten på trochlea (dalen i lårbeinet der kneskåla skal sitje) og aksen til sena frå kneskåla til leggbeinet. Desse måla blir best bedømde ved ei CT-undersøking.
Alle pasientar med to eller fleire episodar med kneskål ut av ledd blir vurderte for operasjon.
Før ein eventuell operasjon skal du til vurdering på poliklinikk. Ta på lette klede, til dømes ein shorts. Har du teke bilete (MR, CT eller røntgen-undersøking) andre stader enn på sjukehuset der du har timen, må du ta med desse.
Etter timen på poliklinikken vurderer vi ditt tilfelle og for nokon kan det bli aktuelt med operasjon. Dersom du skal operere, blir du kalla inn til ein planlagd operasjon som oftast blir gjord dagkirurgisk i narkose.
Då må du førebu deg på følgjande måte:
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.
Vi gjer ei undersøking av kneleddet og kneskåla. Dersom det er nødvendig, vil du bli vist til CT- eller MR-undersøking.
Rekonstruksjon av MPFL er den vanlegaste operasjonsmetoden ved gjentakande kneskål ut av ledd. MPFL er ligamentet som held kneskåla på plass. For å rekonstruere MPFL nyttar ein sener frå eigen kropp, vanlegvis hamstringssenene.sene
Hos nokon er festa til sena frå kneskåla til leggbeinet for langt ut til sidan (lateralt), og då fører draget frå denne at kneskåla lett glir ut. Hos desse pasientane kan det vere aktuelt å flytte dette senefestet inn mot midten av leggbeinet.
Kneskåla ligg i ein liten dal i lårbeinet som blir kalla trochlea. Nokon har ein grunn trochlea, eller til og med heilt flat. Hos nokre svært få og utvalde pasientar kan det vere aktuelt å lage denne dalen djupare slik at kneskåla ligg betre og meir stabilt.
Dei første vekene etter operasjonen er smertefulle, og det er viktig med smertelindring.
Det er også viktig at du kjem raskt i gang med fysioterapi. Du skal ikkje bøye kneet meir enn 90 grader dei 6 første vekene etter operasjonen. Fysioterapitreninga bør halde fram til ein har oppnådd same styrke i lårmuskulaturen i begge lår.
Ofte avtaler vi ein kontroll etter cirka 3 månadar.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund