Tjukktarmsundersøking
Koloskopi
Koloskopi er ei undersøking av tjuktarmen. Dette blir gjort for å kunne sjå etter sjukdommar eller sår i tjukktarmen, og nedste del av tynntarmen. Vi kan ta vevsprøve (biopsi) frå slimhinna, fjerne polyppar og behandle blødingar.
Utstyret som blir brukt ved koloskopi er ein bøyeleg slange, omtrent like tjukk som ein peikefinger, med eit lite kamera og lys i tuppen.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Skader på tjukktarmen av sjølve instrumentet skjer svært sjeldan.
Faren for komplikasjonar er størst viss det blir utført behandling, til dømes at vi må fjerne store polyppar eller må blokke tronge parti.
Viss du får magesmerter som aukar på, eller teikn på bløding, må du raskt ta kontakt med sjukehuset.