Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Kols

Kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) er fellesnemninga for kronisk bronkitt og emfysem. Sjukdommen fører til hindra luftstraum gjennom luftvegane og nedsett elastisitet i lungevevet. Sjukdommen kan førebyggast, og når ein startar tidleg med behandling kan ein bremse utviklinga. Kols er eit folkehelseproblem, og førekomsten er aukande både i Noreg og i resten av verda.

Kols (kronisk obstruktiv lungesykdom) er en sykdom som gir nedsatt lungekapasitet i forskjellig grad. Det finnes behandling som kan bremse forverring.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som tilviser til utgreiing. Tilvisinga skal vurderast av overlege ved lungemedisinsk avdeling. Når tilvisinga er vurdert, får du innkalling til utgreiing. Kor alvorlege plagene dine er, er avgjerande for når du får legetime.

Utredning

Kols-diagnosen kan stillast ut frå sjukehistorie, symptom og resultat av legeundersøkingar. Diagnosen må stadfestast med følgjande undersøkingar:

 

 

Behandling

Med kols trenger du livslang oppfølging og behandling. Måla for behandlinga er å lindre plager (symptom), bremse utvikling av sjukdommen og førebygge akutte forverringar.

Ved stabil kols får du oppfølging av fastlegen din 1 - 2 gongar i året, avhengig av kor alvorleg du er ramma. Du får medikamentell behandling i form av luftvegsutvidande- og betennelsedempande medisinar.

Pasientar med kols opplev av og til forbigåande forverring (exacerbasjon). Ei forverring inneber at du blir meir tungpusten, får meir hoste og meir oppspytt, med eller utan farge, og/eller andre øvre og nedre luftvegssymptom. Då må du få behandling straks. Dei fleste kan få behandling og oppfølging hos fastlegen sin, men ved alvorleg akutt forverring kan det vere nødvendig med innlegging på sjukehus.

  • Medikamentell behandling består som regel av medisinar som verkar avslappande på musklane i luftvegane, betennelsedempande medisinar (steroider) og antibiotika ved infeksjon.
  • Surstoff/oksygen behandling og/eller pustestøtte kan bli gitt ved teikn på lungesvikt.

Oppfølging

Pasientar som har vore innlagt på sjukehus på grunn av kolsforverring, bør få kontroll hos fastlegen innan 2 - 4 veker etter utskiving. Ved stabil kols får du oppfølging av fastlegen din 1 - 2 gongar i året, avhengig av kor alvorleg du er ramma. Nokre pasientar blir fulgt opp av lege ved poliklinikk eller privat spesialist.

Lungerehabilitering kan også vere aktuelt for enkelte. Lungerehabilitering omfattar trening, opplæring til eigenmeistring av sjukdommen og rådgiving. Fleire yrkesgrupper er involverte, som for eksempel lege, sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi lagar eit program som er tilpassa kvar enkelt deltakar. Både fastlege og lungespesialist kan tilvise til lungerehabilitering, dersom pasienten er utgreidd og optimalt behandla med medisinar.

Kontakt

Haugesund sjukehus Lungemedisin, Haugesund sjukehus

Kontakt Lungemedisin, Haugesund sjukehus

Oppmøtestad

Lungemedisinsk seksjon ligg i austre del av 2. etasje ved Haugesund sjukehus.

Vi har resepsjon i midtre del av blokka. Dersom du bruker heisen ved resepsjonen i 1. etasje, kjem du ut like ved luka vår i 2. etasje.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​