Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Kontrastmammografi er ei røntgenundersøking som framstiller brystvevet.
Kontrastmammografi er ei mammografiundersøking som blir gjord etter at det er sprøyta inn eit jodholdig kontrastmiddel i ei blodåre i armen. Kontrastmiddelet som blir brukt er også vanleg å bruke ved fleire andre røntgenundersøkingar, som for eksempel CT. Kontrasten blir tatt opp i vevet, spesielt i sjuklege forandringar, som da kan synast tydelegare på bilda.
Undersøkinga blir brukt som eit supplement til vanleg mammografi, og kan også brukast ved kartlegging før operasjon eller når MR ikkje er aktuelt. Undersøkinga blir utført i same apparat som ved vanleg mammografi.
Du kan ta medisinar på vanleg måte, bortsett frå medikament mot diabetes som for eksempel Metformin, Glucophage, Compact, Orabet, Janumet eller Eucreas. Desse skal ikkje takast inntil 2 dagar før undersøkinga. Ta kontakt med fastlegen for blodprøver av nyrefunksjonen før du startar med tablettane igjen. Denne informasjonen vil du finne i eit eventuelt innkallingsbrev til kontrastmammografi.
Kontrastmiddelet skilst ut gjennom nyrene. Dette toler du godt om du er nyrefrisk, men for å vere sikker, bør du på førehand ta ei blodprøve (kreatinin/GFR) som viser at nyrene funger normalt. Det blir også anbefalt at du drikk cirka 2 liter væske det siste døgnet før undersøkinga.
Dersom du tidlegare har reagert allergisk på kontrastmiddel i samband med ei røntgenundersøking, må du gi beskjed om dette.
Det er best at undersøkinga blir gjord midt i ein menstruasjonssyklus (2. eller 3. veke). Normalt brystvev tar også opp kontrast, mest i perioden omkring menstruasjon. Dette kan gjere det vanskelegare å vurdere undersøkinga. Hos kvinner som ikkje har ein syklus, blir det ikkje tatt omsyn til tidspunkt. Heller ikkje dersom undersøkinga hastar.
Kontrastmammografi kan ikkje gjerast dersom du har implantat.
Radiografen legg inn eit tynt plastrøyr (venekanyle) i ei blodåre i armen. Kontrastvæska blir gitt med ei automatisk trykksprøyte. Du kan kjenne varme i kroppen, metallsmak i munnen eller ei kortvarig kjensle som om du tissar på deg. Dette er normalt og går raskt over.
Vi tar mammografibilde på vanleg måte, som oftast 2 bilde av kvart bryst. Kvart bilde tar litt lengre tid enn ved ein vanleg mammografi, og stråledosen er litt større, omtrent tilsvarande eit ekstra bilde.
Bilda må takast kort tid etter at kontrasten er gitt, derfor går føre seg undersøkinga effektivt.
Etter undersøkinga må du vente i cirka 30 minutt etter at kontrasten er gitt. Etter du har fått tilsyn og venekanylen er tatt ut, kan du reise heim. Det kan vere lurt å drikke godt også etter undersøkinga.
I somme tilfelle kan seinreaksjonar av kontrastmiddelet førekomme i form av hovudverk, kvalme eller utslett. Dersom du får slike reaksjonar som held fram eller blir forverra, skal du kontakte fastlegen.
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Følg merkinga til Mammografi.
Venterom: Vi har to venterom for mammografipasientar.
Eitt av venteromma er for kvinner som er invitert til nasjonal mammografiscreening (Mammografiprogrammet). Du finn venterommet bak skilleveggane du ser rett ved inngangen til Radiologisk avdeling. Vi hentar deg når det er din tur.
Det andre venterommet ligg bortanfor – sjå skilt i taket Ventesone mammografi. Dette venterommet er for kvinner som er tilvist til mammografi frå lege, eller som skal ha vidare undersøking i Mammografiprogrammet.
Registrering av frammøte
Du melder frammøte via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen. Då får du ein kode som kjem opp på skjermen ved inngangen til Radiologisk avdeling. På skjermen ser du kva ventesone du skal gå til.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund