Kostholdsveiledning av klinisk ernæringsfysiolog (KEF)
Ved ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstandar kan ein klinisk ernæringsfysiolog gi kostrettleiing og ernæringsbehandling, både individuelt og i gruppe.
Vi behandlar barn og vaksne med ernæringsmessige utfordringar, etter tilvising.
Ein klinisk ernæringsfysiolog er autorisert helsepersonell og kan greie ut, diagnostisere, førebygge og behandle ernæringsrelaterte sjukdommar og tilstandar. Arbeidet blir utført i tett samarbeid med andre faggrupper.
Vi underviser for fleire pasientgrupper på Lærings – og mestringssenteret.
Tilvising og vurdering
Pasientar som har behov for tenester frå klinisk ernæringsfysiolog, blir tilvist til oss frå andre avdelingar ved sjukehuset.
Før
Eventuelle skjema som du har mottatt saman med innkallinga, må du fylle ut og ta med. Dersom du har tatt relevante prøver eller undersøkingar utanfor sjukehuset, må du gjerne ta med deg resultatet av desse.
Under
Ein individuell konsultasjon kan innebere:
- Kartlegging av kosthald
- Vurdering av ernæringsstatus
- Rettleiing om tiltak for å betre ernæring, for eksempel:
- Spesialkost
- Næringsdrikkar
- Sondeernæring og/eller intravenøs ernæring
Ein gruppekonsultasjon kan innebere:
- Kostrettleiing/opplæring av pasientar og pårørande
- Opplæring og rettleiing av anna helsepersonell
Etter
Ved behov for oppfølging skjer dette i samarbeid med tilvisande avdeling.