Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Kraftige, uregelmessige menstruasjonsblødingar kan vere ei belastning i dagleglivet. Situasjonen kan bli betre med oppfølging frå lege eller gynekolog. Det finst fleire typar behandlingar dersom du har kraftige menstruasjonsblødingar.
Sjølv om dei fleste kvinner i vaksen alder har regelmessige menstruasjonsblødingar, er forbigåande eller mellombelse endringar i blødingsmønsteret ganske vanleg og som oftast ufarleg. I startfasen av menstruasjon (tidleg i tenåra) og ved starten av overgangsalderen er uregelmessige blødinger svært vanlege på grunn av hormonsvingingar.
Årsaker til uregelmessige blødingar, og periodevise kraftige blødingar kan vere muskelknutar på livmora, ein polypp (utvekst på livmortappen eller livmorslimhinna) eller endometriose.
Endometriose er ein tilstand der vev av same type som slimhinna inne i livmora (endometrium) finst utanfor livmora. For eksempel på innsida av eggleiarane eller på eggstokkane, i bukhinna, på tarmane eller på urinblæra.
Bløding etter at menstruasjonen er stoppa for godt (overgangsalder/menopause), skal alltid undersøkast! Sjølv om dette som oftast kjem av godarta endringar, kan det vere eit mogleg symptom på kreft og derfor krevje utgreiing.
Fastlege kan som oftast behandle kraftige og uregelmessige menstruasjonsblødingar. Om dei ikkje kan tilby behandling, kan dei sende ei tilvising til sjukehuset.
Før du kjem til sjukehuset, er det nokre spørsmål som er viktige at du kan svare på:
Under utgreiinga kan det vere nødvendig å gjere ei gynekologisk undersøking. Kor lang tid utgreiinga tar, vil variere frå pasient til pasient. Det vil også variere kva slags undersøkingar du må igjennom. Det kan vere fleire årsaker til kraftige og uregelmessige menstruasjonsblødingar. Etter at utgreiinga er over, vil legen kunne seie noko om kva som er årsaka til menstruasjonsplagene dine, og dette vil vere med på å bestemme kva behandling som er best for deg.
Av og til kan hyppige og sterke menstruasjonsblødingar komme av hormonforstyrringar, og plagene kan regulerast med medisinar. Ofte er det fornuftig å prøve ut ulike medisinar for å sjå om dette kan hjelpe før operasjon blir eit alternativ. Det er den behandlande legen din som avgjer dette.
I nokre tilfelle der medisinar ikkje lindrar plagene, kan det vere aktuelt med operasjon. Kva slags operasjon som er aktuell for deg, blir bestemt ut frå årsaka til plagene dine. Nokre operasjonar blir utførte som dagbehandling og du kan reise heim same dag. Andre operasjonar krev at du overnattar på sjukehuset i 1–3 dagar etter operasjonen.
Det må ofte gå litt tid etter at behandlinga er sett i gang før ein kan seie om behandlinga er effektiv eller ikkje. Om du får medikamentell behandling, vil behandlingslengda vere avhengig av kva medisin du får. Etter kirurgisk behandling ved operasjon vil du enten kunne reise heim etter nokre timar (dagkirurgi) eller bli på sjukehuset i 1–3 dagar. Etter operasjon er det vanleg med nokre dagars sjukmelding. Lengda på sjukmeldinga varierer alt ettersom kva slags operasjon som er utført.
Det kan vere aktuelt å komme til kontroll på sjukehuset, eller avtale kontroll hos fastlegen eller din eigen private gynekolog. Dette blir du einig med legen om. På ein slik kontroll er det viktig å kunne seie noko om du opplever at behandlinga har hatt effekt eller ikkje. Notér gjerne ned korleis menstruasjonsblødingane har vore etter at du har starta med behandlinga, og om du har smerter. Det vil da vere lettare å sjå effekten av behandlinga.
Dei fleste pasientar som har fjerna livmora og ikkje livmorhalsen (cervix), vil ikkje lengre ha menstruasjonsblødingar, og treng sjeldan kontroll, men må passe på å ta celleprøve frå livmorhalsen kvart tredje år.