Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Krystallsyke - diagnostiske manøvrer

Krystallsjuke eller benign paroksysmal posisjonsvertigo (BPPV) er ei av dei vanlegaste årsakene til svimmelheit. Sjukdommen er forårsaka av små krystallar av kalkstein i buegangane i det indre øyret. Buegangane har små følerar som registrerer hovudbevegelsar. Når dei blir forstyrra av desse små kalksteinane, blir hjernen lurt til å tru at hovudet dreier rundt. Dette gir korte anfall av svimmelheit ved bestemte hovudbevegelsar.

Diagnosen krystallsjuke blir stilt ved hjelp av hovudmanøvre som utløyser svimmelheit og ufrivillige augebevegelsar (nystagmus). Ut frå hovudmanøvrane og retninga på augebevegelsane er det ofte mogleg å avgjere kva for ein av buegangane som er affisert og i kva øyre.

Tilvising og vurdering

Krystallsjuke kan vanlegvis diagnostiserast og behandlast hos fastlege. Ved vedvarande symptom på krystallsjuke utan effekt av behandlingsmanøvre, kan ein tilvisa vidare for behandling.

Før

Undersøkinga krev inga førebuing.

Under

 Undersøkinga kan gjerast av fastlege eller spesialist. Enkelte fysioterapeutar og kiropraktorar har også trenign i å undersøke pasientar for krystallsjuke. Undersøkinga krev ikkje spesialutstyr og kan utførast på ein vanleg undersøkingsbenk, i stol eller seng.

For at det skal bli lettare å sjå augebevegelsane (nystagmus), kan du få på deg spesialbriller eller ei maske med infraraudt kamera.

Diagnostiske manøvrar for krystallsjuke varierer. Den mest vanlege går ut på å legge seg ned med hovudet vendt mot høgre og venstre (Dix-Hallpike-manøver). Ein annan vanleg manøver er å ligge på ryggen og dreie hovudet mot høgre og venstre.

Desse hovudbevegelsane kan ikkje utløyse svimmelheit hos friske, men kan utløyse anfall hos pasientar med krystallsjuke. Det er desse anfalla og karakteristiske ufrivillige augebevegelsane (nystagmus) som saman med andre symptom gjer det mogleg å stille diagnosen krystallsjuke.

Etter

Vi vil gi deg råd om kva du skal gjere etter undersøkinga og behandlinga. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med øvingar du skal gjere heime. Det kan også vere behov for gjentatte behandlingar.

Generelt er det viktig å vere i bevegelse for å trene opp balansen og redusere svimmelheitssymptoma. Ved behov vil ein fysioterapeut kunne gi rettleiing i balansetrening.

Etter undersøkinga kan du vere i aktivitet som vanleg.

Ver merksam

Undersøkinga kan gi forbigåande svimmelheit.

Sist faglig oppdatert 07.03.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland