Hos barn i risikogruppa blir blodsukkeret målt innan to timar etter fødselen, og blir deretter kontrollert hyppig. Dette gjer vi ved ei blodprøve, som kan takast mens barnet ligg på fanget til foreldra, i senga eller der det passar best.
Neonatal hypoglykemi
Lågt blodsukker hos for tidleg fødde og fullborne barn
Etter fødselen søkk blodsukkeret til barnet, og er vanlegvis på det lågaste etter cirka to timar. Hos nokon kan nivået bli så lågt at dei treng behandling. Risikoen er høgare hos barn som er små for alderen, store for alderen, for tidleg fødde eller har ei mor med diabetes. Lågt blodsukker blir behandla ved å halde kroppstemperaturen til barnet normal og gi det næring.
Symptom
Nyfødde med lågt blodsukker viser ikkje alltid tydelege og openberre symptom. Dei som viser symptom kan verke irritable, vere søvnige, ha sitringar i kroppen, vere slappe, og/eller ha låg kroppstemperatur.

