Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Lårbeinbrot er brot som vanlegvis oppstår ved høgenergiskadar, som fall, fall på ski, trafikkulykker og liknande. Det oppstår omgåande smerte, hevelse og av og til kan foten stå i feilstilling.
Lårbeinbrot er ein akutt skade og vi stiller diagnosen ved røntgenundersøking. For barn under 12–13 kilo blir lårbeinbrot behandla med strekkbehandling, såkalla plasterstrekk. Behandlinga går ut på å strekke beinet/lårbeinet for å bringe brekte beinender på plass, for å oppnå god tilheling av brotet.

Foto: Helse Bergen
Barnet får god smertelindring og eventuelt roande medisin i forkant av behandlinga.
Barnet blir lagt på rygg i senga og begge beina blir festet med spesialplaster til eit tau som heng frå ein trinse over senga. Beina heng vertikalt med strekk tilsvarande cirka 10 prosent av vekta til barnet.
Etter at plasterstrekket er festa, blir det tatt røntgen. Deretter blir det tatt røntgen kvar veke. Behandlingstida for strekkbehandling er cirka like mange veker som alderen til barnet i år, men aldri kortare enn 2 veker.
Barnet får god smertelindring under behandlinga.
Når behandlingstida er over, vil det i den første tida vere ubehageleg for barnet å ha beina i horisontal posisjon. Dette kjem av strekk i hofta. Beina blir derfor gradvis tatte ned til horisontal posisjon gjennom fleire nivå. Barnet kan den første tida kjenne seg svimmel, uvel og kvalm når det blir tatt frå liggande til sittande posisjon.
Barnet blir mobilisert vidare etter ønske og evne, utan restriksjonar. Det er stor variasjon i tida det tar før barnet er tilbake til same funksjon som før skaden. Det gjeld både å krype, stå og gå. Ikkje press, legg til rette for at barnet kan vere aktivt, la det leike på golvet så vil framgangen komme gradvis.
Barnet blir kalla inn til kontroll med røntgen etter cirka 4 veker, og vidare til vi kan sjå tilstrekkeleg tilheling, og igjen 12 månader etter at skaden oppstod.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund