Kva skal eg gjere dersom eg er usikker på om barnet beveger seg mindre i magen?
Før veke 24 i graviditeten
Ved oppleving av mindre bevegelse i magen over nokre timar før veke 24 i graviditeten, tar du kontakt med eigen lege eller jordmor så snart du kan.
Etter veke 24 i graviditeten
Dersom du er usikker på om barnet beveger seg mindre enn det skal, bør du ete og drikke søtt. Du skal deretter legge deg ned, gjerne på venstre side utan telefon eller andre stimuli. Kjenn på bevegelsane til barnet i ein til to timar og tel gjerne antalet bevegelsar. Det er fint å gjere dette på eit tidspunkt der barnet vanlegvis er aktivt.
- Dersom du i løpet av denne tida ikkje kjenner bevegelsar frå barnet ditt, skal du ringe fødeavdelinga di med ein gong.
- Dersom du kjenner mindre enn ti separate bevegelsar frå barnet i løpet av desse to timane, skal du ringe fødeavdelinga di med ein gong.
- Dersom du framleis er uroleg eller usikker på aktivitetsmønsteret til barnet, skal du ringe fødeavdelinga di for rettleiing.
- Dersom du etter teljinga av bevegelsane til barnet ikkje er bekymra og kjenner godt med bevegelsar, treng du ikkje kontakte fødeavdelinga.
Ikkje stol på apparat som du kan bruke heime for å lytte på hjartelyden til barnet ditt.
Kva kan ein gjere på sjukehuset?
Det første vi gjer, er ei CTG-undersøking. Vi registrerer fosterlyd og bevegelsane til barnet i 20 minutt. Du får ein knapp du skal trykke på dersom du kjenner at barnet beveger seg.
Vi gjer også måling av blodtrykk, puls og temperatur og testar urinen din. Ut frå funna vi gjer i desse undersøkingane, og det du fortel, bestemmer vi om det er nødvendig med ultralyd og legeundersøking. I sjeldne tilfelle kan det vere nødvendig med innlegging eller igangsetting av fødselen.