På avdelingen kan ein undersøke for gulsott ved å lyse med eit spesielt, handhaldt apparat i panna på barnet. Dersom den viser forhøya verdi, tar vi ein blodprøve for å bekrefte at bilirubin er forhøya.
Lysbehandling av gulsott hos nyfødte
Mange nyfødde får gulsott etter fødselen. Hos dei fleste forsvinn dette av seg sjølv i løpet av to veker. Gulsott er enkelt å behandle med lysbehandling.
Eit nyfødd barn har mange raude blodceller (høg blodprosent) og når desse blir brote ned, blir det danna bilirubin som eit avfallsstoff. Samtidig er levra til den nyfødde umoden og klarer ikkje skilje ut det ekstra bilirubinet kroppen produserer. Gulsott oppstår når det blir for mykje bilirubin i blodet til barnet. Dette får huda, det kvite i auga og innsida av munnen til å sjå gult ut.
Gulsott opptrer vanlegvis to til fire dagar etter fødselen og forsvinn hos dei fleste av seg sjølv i løpet av dei neste to vekene. Unntaksvis kan konsentrasjonen av bilirubin i blodet bli så høg at behandling er nødvendig.
Dersom gulsotta blir alvorleg, kan ein merke at barnet blir slapt, søvnig, og kanskje ikkje er så interessert i å ete. Dersom barnet er synleg gul i panna, i det kvite i auga og på hendene blir det tatt ei blodprøve for å finne ut om mengda bilirubin er så høg at den krev behandling.