Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mammografiscreening

Alle kvinner i alderen 50-69 år får ein invitasjon til mammografiundersøking kvart anna år. Første invitasjon kan komme når du 48–53 år, avhengig av kor du bur. Alle får totalt ti invitasjonar. Deltaking er frivillig.

Før

Ikkje bruk hudkrem, deodorant eller talkum i bryst-/armholeområdet same dag. Dette kan gjere det vanskelegare å ta og vurdere bilda. 

Under

Når du kjem, blir du tatt i mot av ein radiograf. Du får nokre spørsmål og og radiografen ser etter eventuelle hudforandringar på brysta dine. 

Det blir tatt bilde i to vinklar av kvart bryst. Mammografiapparatet legg press på brysta i nokre sekund mens bilda blir tatte. Dette kan opplevast som ubehageleg, men er nødvendig for god bildekvalitet. Mammografi kan gjennomførast uavhengig av størrelsen på brysta. Undersøkinga tar berre nokre få minutt.  

Når undersøkinga er ferdig, kan du gå. 

Dei fleste får eit svarbrev innan 2-4 veker etter undersøkinga. 

Etter

Hos om lag 3% av kvinnene som deltar i mammografiscreening sest forandringar på bilda som må avklarast nærare. Det betyr ofte godarta, ufarlege forandringar. 

Blir oppdaga slike forandringar, blir du kalla tilbake til ei ny tilleggsundersøking. Dette kan innebere nye mammografibilde og ultralyd, og i nokre tilfelle også celleprøve eller vevsprøve (biopsi) frå brysta. Berre éin av fem av desse som blir innkalla til tilleggsundersøking, får påvist brystkreft. 

Sett av god tid dersom du blir innkalla til tilleggsundersøking. Målet vårt er å få gjort alle nødvendige undersøkingar same dag. Mange blir urolege ved ei slik innkalling, men hugs at det ikkje nødvendigvis betyr at du har brystkreft. 

Sist faglig oppdatert 16.03.2026

Kontakt

  • Kontakt Radiologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Radiologi Haugesund

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

    Radiologi Stord

    Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

    Radiologi Odda

    Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64

    5416 Stord

    En bygning med et fjell i bakgrunnen

    Odda sjukehus

    Sjukehusvegen 10

    5750 Odda

    Praktisk informasjon

    1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

    Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

    Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

    Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

  • Kontakt Brystdiagnostisk senter (BDS)

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Følg merkinga til Mammografi.

    Venterom: Vi har to venterom for mammografipasientar.

    Eitt av venteromma er for kvinner som er invitert til nasjonal mammografiscreening (Mammografiprogrammet). Du finn venterommet bak skilleveggane du ser rett ved inngangen til Radiologisk avdeling. Vi hentar deg når det er din tur.

    Det andre venterommet ligg bortanfor – sjå skilt i taket Ventesone mammografi. Dette venterommet er for kvinner som er tilvist til mammografi frå lege, eller som skal ha vidare undersøking i Mammografiprogrammet.

    Registrering av frammøte

    Du melder frammøte via SMS-en du har fått på telefon, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen. Då får du ein kode som kjem opp på skjermen ved inngangen til Radiologisk avdeling. På skjermen ser du kva ventesone du skal gå til.

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Eigendel

    Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

    Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

    Frikort

    Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

    Frikort for helsetjenester - Helsenorge

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering