Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Medikamentell abort utførast vanlegvis på sjukehus etter svangerskapsveke 10 og inneber å stoppe graviditeten med medisinar. Du skal først på ein konsultasjon og undersøkingar på sjukehus og komme tilbake etter nokre dagar for å fullføre behandlinga.
I Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort før 18. svangerskapsveke (17+6). Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av ei abortnemnd.
Det kan vere vanskeleg å ta ei avgjerd om å fullføre eller avbryte eit svangerskap. Treng du nokon å snakke med, kan du ringe Amathea på telefon 90 65 90 60. Amathea er ei gratis rettleiingsteneste ved val knytte til graviditet og abort.
amathea.no - rettleiingsteneste for gravide
helsenorge.no - informasjon til deg som vurderer abort
Planlagd oppfølging ved ufrivillig graviditet startar vanlegvis hos fastlegen, som tilviser til sjukehuset. Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking og vidare oppfølging, det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset direkte så tidleg som mogleg etter veke 6 dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet. Det er ønskeleg at svangerskapslengde er over 6 veker før første konsultasjon. Dette for å kunne stadfeste svangerskap på rett plass i livmor med ultralyd.
Fastlegen vurderer svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset.
På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og/eller gynekolog. Det vil bli gjennomført ein vaginal ultralyd og ein gynekologisk undersøking for å fastslå lengda på svangerskapet og tatt ein klamydiatest.
Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling blir avgjord. Du vil bli bedd om å signere eigenerklæringa «Krav om svangerskapsavbrot».
Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som blir nytta:
Første del av behandlinga skjer på sjukehuset. Du får tabletten Mifegyne som du svelger. Når den er tatt, er det for seint å ombestemme seg. Du reiser heim og kjem tilbake til sjukehuset innan 1–2 dagar for neste steg i behandlinga.
Du kan få bløding og menstruasjonsliknande smerter etter at du har tatt Mifegyne. Bruk bind og ikkje tampongar ved bløding. Du kan ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet ved behov.
1–2 dagar etter at du har tatt Mifegyne kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein person med deg. Det er vanleg å vere innlagt minst 6 timar.
Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2–3 vekene. Vi anbefaler at du bruker bind og unngår bruk av tampong i denne perioden. Unngå samleie og bading så lenge du framleis blør.
Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4–6 veker etter aborten. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Du kan trene og vere i aktivitet som vanleg.
4 veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest.
Ta kontakt med fastlege eller sjukehuset dersom du har:
Vi gjer merksam på at intakt graviditet etter abort vil hende hos 1–2 kvinner av 1000 som får behandling. Dette talet er likt for både medikamentell og kirurgisk abort, det er derfor viktig at du tar graviditetstest 4 veker etter gjennomført abort.