Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medikamentell behandling av nasepolyppar – Omalizumab (Xolair) – poliklinisk behandling

Xolair blir blant anna brukt i behandling av kronisk biholebetennelse med nasepolyppar. Medikamentet bidrar til å redusere størrelsen på polyppane og forbetrar symptom som nasetettleik, tap av luktesans, slimsamling bak i halsen og rennande nase.

Xolair inneheld verkestoffet omalizumab. Omalizumab er eit kunstig protein som liknar naturlege protein som blir produserte i kroppen. Det tilhøyrer ein klasse legemiddel som blir kalla monoklonale antistoff. Proteinet hemmar immunmolekylet immunglobulin E (Ige).

Før

Før behandlingsoppstart må du vege deg. I tillegg må du ta ei blodprøve for å sjå på mengda IgE i blodet, såkalla total IgE. Dette er for å avgjere rett dose av medikamentet. Etter dette er det ikkje nødvendig med oppfølgande blodprøver under behandlinga. Sidan dosen blir sett ut frå total IgE og vekt, er det viktig å informere legen dersom vekta di endrar seg drastisk.

Legen skriv ein resept på Xolair til deg som du sjølv hentar ut på apoteket og tar med til poliklinikken. Utover dette krev ikkje behandlinga nokon andre førebuingar.

Dersom du tidlegare har hatt ein allergisk reaksjon (anafylaktisk sjokk) er det viktig at du informerer legen om dette på førehand. Gi også beskjed ved latexallergi, sidan nålhetta inneheld lateks.  

Under

Omalizumab (Xolair) blir gitt i ei ferdigfylt sprøyte som blir sett i underhuda (subcutant). Dosen, og dermed kor mange sprøytar som må settast ved kvar behandling, avheng av total IgE og vekta di.

Sjukepleiar på poliklinikken set sprøyta/-ene i underhuda i overarm og lår.

Dei tre første behandlingane skal alltid skje på ein stad med akutt medisinsk beredskap (legekontor/sjukehus). Deretter kan du sjølv gjennomføre behandlinga heime. Dersom du etter kvart ønsker dette, vil du få opplæring på poliklinikken.

Kor lang tid tar behandlinga?

Legemiddelet blir sett som ei sprøyte og inneber derfor eitt eller fleire nålestikk. Sjølve sprøytesettinga tar berre 5 minutt. Etter første behandling må du observerast i 1 time i avdelinga. Dei to neste behandlingane krev ei observasjonstid på 30 minutt. Dersom du etter tre behandlingar ikkje har hatt nokon reaksjonar, treng du ikkje noka observasjonstid etter at sprøytene er sette.

Oppbevaring

Xolair blir oppbevart i kjøleskap (2–8 grader celcius), men må ikkje frysast. Sprøyta skal oppbevarast i ytteremballasjen for å bli verna mot lys. Før du skal ta legemiddelet, tar du sprøytene ut av kjøleskapet og lèt dei ligge i originalemballasjen i romtemperatur i 15–30 min. Sprøyta må ikkje ligge ute av kjøleskapet lengre enn 4 timar før ho blir sett.

Etter

Når du har fått sprøytene og eventuell observasjonstid er over, kan du reise heim.

Kvar dose blir gitt med eit intervall på 4 veker. Effekten kan sjåast allereie etter 4 veker, men for nokon kan det ta lengre tid. Behandlingsbehov og effekt blir fortløpande vurdert av legen. Dersom du ikkje merkar nokon behandlingseffekt etter 6 månader, vil legen vurdere å avslutte behandlinga.

Oppfølging

Under behandlinga er det vanleg at du blir følgd opp med kontrollar på poliklinikken eller hos fastlegen. Dette blir avtalt med øyre-nase-halslegen.

Ofte stilte spørsmål

Kan eg bruke Xolair om eg er gravid eller ammar?

Per i dag er det ikkje noko som tyder på at denne behandlinga er skadeleg for foster eller barn som ammar. På den andre sida er det heller ikkje etablert med sikkerheit at det er heilt trygt. Det vil derfor trengast ei individuell vurdering i kvart tilfelle.

Kan eg ta vaksinar mens eg står på Xolair?

Det blir anbefalt å unngå å ta levande vaksinar (for eksempel gulfeber, BCG, MMR) mens du står på immundempande medisinar. Skal du ta ikkje-levande-vaksinar som influensavaksine eller covid-vaksine, blir det anbefalt å vente 1–2 veker mellom vaksine og Xolair. Si frå til legen dersom du skal ta vaksine, slik at neste dose med Xolair kan planleggast med tilstrekkeleg opphald.

Kan eg ta dei faste medisinane mine mens eg tar Xolair?

Du kan ta dei faste medisinane dine som vanleg dersom du ikkje har fått nokon annan beskjed av legen.

Sist faglig oppdatert 12.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland