Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Medikamentell abort kan utførast heime fram til svangerskapsveke 10 og inneber å stoppe graviditeten med medisinar. Du skal først på ein konsultasjon og undersøkingar på sjukehus, deretter får du med deg eit medikament som du skal ta heime å fullføre behandlinga.
Det kan vere vanskeleg å ta ei avgjerd om å fullføre eller avbryte eit svangerskap. Treng du nokon å snakke med, kan du ringe Amathea på telefon 90 65 90 60. Amathea er ei gratis rettleiingsteneste ved val knytte til graviditet og abort.
For at medikamentell abort skal kunne skje heime må du vere over 18 år og frisk. Du må kunne forstå og prate norsk eller engelsk, og ha høve til å ha ein vaksen person saman med deg.
Heimeabort er aktuelt fram til svangerskapsveke 9. Ved nokre sjukehus er heimeabort mogleg fram til veke 10.
Planlagd oppfølging ved ufrivillig graviditet startar vanlegvis hos fastlege som tilviser til sjukehuset. Du kan også ta direkte kontakt med sjukehuset for undersøking og vidare oppfølging, det er ikkje nødvendig med tilvising frå fastlege.
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen eller kontaktar sjukehuset direkte så tidleg som mogleg dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet. Det er ønskeleg at svangerskapslengde er over 6 veker før første konsultasjon. Dette for å kunne stadfeste svangerskap på rett plass i livmor med ultralyd.
Fastlegen vurderer svangerskapslengde før vidare tilvising til sjukehuset.
På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og/eller gynekolog. Det vil bli gjennomført ein vaginal ultralyd og ein gynekologisk undersøking for å fastslå svangerskapslengde og tatt klamydiatest.
Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandlingsmetode blir avgjord. Du vil bli bedd om å signere eigenerklæringa «Krav om svangerskapsavbrot».
Du har vore til undersøking og vurdering på sjukehuset og det er avtalt at aborten skal skje heime ved hjelp av medikament. Det er to ulike medikament som blir nytta.
Første del av behandlinga skjer på sjukehuset. Du får tabletten Mifegyne som du svelger, og når han er tatt er det for seint å ombestemme seg. Før du forlèt sjukehuset får du med deg Cytotec, smertestillande og kvalmestillande for vidare behandling heime.
Du kan få bløding og menstruasjonsliknande magesmerter dei neste dagane. Bruk bind og ikkje tampongar ved bløding. Ved behov for smertestillande kan du ta:
Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.
To dagar etter at abortprosessen blei starta på sjukehuset, fortset du behandlinga heime. Det er nødvendig at du har ein vaksen person saman med deg. Spis gjerne frukost før du begynner behandlinga.
Du kan ikkje køyre bil denne dagen.
Vanlegvis vil aborten skje 4–6 timar etter at tablettane med Cytotec blei sette. Dersom det går meir enn 6 timar før du får bløding, må du ringe sjukehuset for informasjon og vidare avtale.
Du kan få sterke menstruasjonssmerter og det er vanleg at du blør ein god del. Blir du utrygg i situasjonen, ta kontakt med sjukehuset.
Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi anbefaler at du bruker bind og unngår å bruke tampong i denne perioden. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter.
Etter 4-6 veker vil menstruasjonen som oftast vere tilbake. Det er ikkje uvanleg at den første menstruasjonsblødinga både er kraftigare og varar lenger enn du er van med.
Hormonell prevensjon kan takast i bruk så snart aborten er sluttført. Spiral kan settast inn etter 4 veker, og skjer vanlegvis hos eigen lege.
Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta.
Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1–2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell abort eller kirurgisk abort.