Du skal ikkje nytte
- allergimedisinar (antihistaminar) den siste veka innan testen
- kortison (prednisolon) 24 timer innan testen
- fuktighets- eller kortisonkremer på armane testdagen
Du må være frisk på dagen for undersøkinga, og ikkje vere forkjølt, ha feber eller liknande. Testen blir utsett om du er sjuk. Det er også viktig at du ikkje har forverring av eit eventuell astma eller eksem når testen blir gjennomført.
Du blir tatt imot av ein sjukepleier som forklarer deg kva som skal skje. Sjukepleiaren tar pulsen og måler blodtrykket ditt. Det blir også tatt ein pusteprøve, kalla spirometri.