Samtidig bruk av andre legemiddel
Du bør som hovudregel ikkje kombinere metotreksat med visse antibiotika (som trimetoprim eller sulfa- eller trimetoprim-sulfa preparat som Bactrim), da det kan gi auka fare for biverknader.
Unntaket er dersom du får Bactrim i låg dose som førebyggande behandling, men det kan da vere behov for hyppigare blodprøvekontrollar.
Samtidig bruk av betennelsesdempande middel (NSAID/COX-2-hemmarar) og metotreksat kan i nokre tilfelle påverke nyrefunksjonen. Bruk derfor ikkje større dosar betennelsesdempande middel enn legen har anbefalt og avgrens bruk av betennelsesdempande legemiddel (Ibux, Ibumetin, Naproxen og liknande) som du kjøper utan resept. Snakk med lege eller farmasøyt om alle legemidla dine passar saman. Unngå jamleg bruk av alkohol, og ha eit så lite inntak som mogleg.
Ved infeksjon
Lege må vurdere om du skal ha pause i metotreksatbehandlinga.
Operasjon
Dersom ein operasjon er planlagd, må lege vurdere om du bør ha ein pause i metotreksatbehandlinga.
Vaksinar
Du må unngå levande vaksinar så lenge du brukar metotreksat.
Det blir anbefalt at du tar årleg vaksine mot influensa og korona, og vaksine mot pneumokokksjukdom kvart 6. år når du bruker metotreksat.