Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Digital oppfølging inneber at heile eller delar av behandlingstilbodet går føre seg digitalt utan å måtta dra til sjukehuset.
Pasientar som blir følgt opp og behandla for migrene med CGRP-hemmere kan registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved å logge inn på ein digital nettportal.
Vi tilbyr oppfølging med regelmessige kontrollar på poliklinikken for alle med migrene som blir behandla med CGRP-hemmere. Vanlegvis tilbyr vi slike kontrollar ein til tre gonger i året. For somme blir det for sjeldan, andre opplever slike kontrollar unødvendige.
Derfor har vi starta digital brukarstyrt oppfølging av migrene som eit alternativ til ordinær poliklinisk oppfølging. Dette gir deg som pasient høve til å vere med på å styre når og korleis oppfølginga av migrenen din skal skje. Oppfølginga blir tettare og til rett tid, men du treng ikkje nødvendigvis å møte opp til poliklinisk time kvar gong.
Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering når du har ordinær time på poliklinikken på sjukehuset. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med avdelinga.
Dette er ikkje ei løysing for akutt hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 dersom det hastar.
Du står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging i nevrologisk poliklinikk når du måtte ønskje det. Ta kontakt med oss for dersom du ikkje lenger ønskjer tilbodet om digital eigenregistrering.
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund