Morkakeprøve

Foster og morkake har i dei fleste tilfelle same genetisk materiale. Ved ei morkakeprøve tek vi celler frå morkaka for å sjå om fosteret har ei kromosomforandring eller genetisk sjukdom. Kvinner som har høg risiko for å få eit foster med kromosomforandring eller annan spesifikk alvorleg sjukdom, kan få tilbod om morkakeprøve.

Tilvising og vurdering

For å få utført morkakeprøve må du bli vist til regional fostermedisinsk avdeling frå lege, jordmor eller frå ei avdeling for medisinsk genetikk.

I tilvisinga må det opplysast om dato for siste menstruasjon og årsaka til at undersøkinga skal gjerast (indikasjon). Det skal og stå om kvinna bruker blodfortynnande medisiner, og om hun har blodsmitte, for eksempel hepatitt.
 

Før

Undersøkinga blir utført frå veke 11 i svangerskapet.

Ta med deg prøvesvar på kva blodtype du har, anten frå helsekort frå tidlegare svangerskap, eller svar på blodprøva teke i dette svangerskapet.

Dersom du bruker blodfortynnande medisinar, bør du ikkje ta desse det siste døgnet før morkakeprøva. Det er viktig at du avtaler med fastlegen om du kan ta pause frå dei blodfortynnande medisinane dine.

Du vil først få genetisk rettleiing ved avdeling for medisinsk genetikk. Mange er utgreidde for moglegheita for alvorleg sjukdom hos fosteret (til dømes alvorleg arveleg sjukdom) før svangerskapet og vil derfor kjenne til metoden.

Dersom det er ultralydfunn som er grunnen til morkakeprøva, vil vi gi deg informasjon om dette.

Under

Før morkakeprøven tek vi ei ultralydundersøking for å finne ut kor stort fosteret er, og kva metode som er mest veleigna. Kva metode som blir brukt, avheng av korleis morkaka er plassert. Ved nokre regionale fostermedisinske avdelingar blir prøva berre utført gjennom skjeden.

Morkakeprøve kan utførast på to ulike måtar:

Om vi tek prøven gjennom magen, fører vi ei nål inn i morkaka under ultralydrettleiing og syg ut vev frå denne.

Om ein går gjennom skjeda, fører vi eit tynt kateter under ultralydrettleiing via skjeda og inn i morkaka der ein syg ut vev.

Etter

Du bør vente cirka 15 minutt før du reiser heim.

Veka etter undersøkinga skal du ta det litt meir med ro enn vanleg. Om du har tungt arbeid, kan du ha behov for sjukmelding i nokre dagar.

Morkakecellene blir undersøkte i laboratorium for medisinsk genetikk. Tida det tek før du får svar på prøven, avheng av kva som blir undersøkt. Vanlegvis tek det minst éi veke. Enkelte spesielle undersøkingar kan ta fleire veker.

Ver merksam

Inntil 0,5 prosent av dei som tar morkakeprøve vil spontanabortere på grunn av sjølve prøvetakinga. Spontanaborten kjem vanlegvis i løpet av veka etter prøven er tatt.

Kontakt

  • Kontakt Føde og barsel, Haugesund

    Oppmøtestad

    3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

    Besøkstider og retningslinjer for besøk

    • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
    • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

    Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

     

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

  • Kontakt Føde og barsel, Stord

    Oppmøtestad

    Dagtid i vekedagar:

    Gå inn hovudinngangen ved Stord sjukehus. Avdelinga vår ligg i underetasjen (U1).

    Kveldstid etter kl. 19.00, helg og natt:

    Vi har eigen inngang til avdelinga som kan brukast når hovudinngangen til sjukehuset er stengt. Gå opp trappa til høgre for det interkommunale legevaktsbygget, og følg gangvegen heilt til døra. Dersom døra er stengt, ringer du på ringeklokka til venstre for døra. Vi kjem og hentar deg.

    Besøkstider:

    • Barnefar: kl. 09.00 – 21.00
    • Søsken og besteforeldre: kl. 17.00 – 18.30
    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Praktisk informasjon

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.