Førebuing heime
Når barnet skal gjennom ei MR-undersøking, rådar vi føresette til å snakke med barnet om undersøkinga på førehand. Alternativt kan ein sjå denne filmen. Slik vil barnet vere førebudd på det som skal skje.
For at MR-bileta skal bli vellukka, må barnet ligge i ro under heile undersøkinga. Så lenge barnet klarer å ligge i ro kan vi ta MR av barn heilt ned til 5 års alder, utan at barnet får narkose eller noko å roe seg på. Ein føresatt, og gjerne eit kosedyr, kan vere med inn.
Dersom barnet treng narkose eller avslappande medisinar for å gjennomføre MR-undersøkinga, må barnet faste. Det er viktig at barnet held fastetida, viss ikkje må vi utsette undersøkinga. Kor lenge barnet må faste og anna informasjon om narkose til barn finst i linken under. Barn som bruker faste medisinar skal ta med desse til sjukehuset. Lege vil så avgjere kva medisinar som skal takast.
- Pacemaker
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert inn metall i kroppen (klips på blodkar i hovudet)
Har barnet kjent nedsett nyrefunksjon, skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før barnet vert henvist til undersøking.
Høyreapparat kan bli påverka av magnetfeltet og må fjernast før undersøkinga.
Skal barnet ha narkose og/eller kontrastvæske, må vi legge inn eit venekateter (eit tynt plastrør) i ei blodåre. Dei minste barna bedøvingskrem førehand.