Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Klinisk nevropsykologi er å bruke nevropsykologisk kunnskap for å undersøke, forstå og rehabilitere menneske med sjukdom eller skade i sentralnervesystemet som har medført kognitive vanskar.
Innhaldet i undersøkinga vil variere noko frå person til person. Som regel gjennomfører vi ei strukturert kartlegging av funksjonsområder gjennom samtale med deg, eventuelt også med pårørande og/eller andre instansar der det er aktuelt. I dei fleste tilfelle blir det også gjennomført ulike testar.
Aktuelle testar er:
Fastlege og psykolog kan vise til nevropsykologisk utgreiing. Pasientar kan også bli tilvist frå somatiske avdelingar.
Frist som utløyser rett til helsehjelp er for dei fleste utgreiingar tre månedar, men i praksis vil utgreiinga som regel vere starta opp innan ein månad. Ved utgreiing i samband med førarkort eller andre attestar er det inga frist, og ventetida for slike undersøkingar kan derfor vere noko lenger.
Første gong du kjem, har vi ei samtale om kvifor du er hos oss og hva undersøkinga går ut på. Vi hentar inn informasjon om din noverande og tidlegare funksjon, mellom anna gjennom ein utviklingshistorie frå barneår til i dag. Vi er interessert i dine sterke og svake sider, og aktuelle problem. Av og til hentar vi også informasjon frå pårørande eller andre instansar, men ikkje utan at du har gitt samtykke til det.
Som regel blir det gjennomført testing. Testinga blir utført av testteknikar eller psykolog og blir vanlegvis fordelt over to dagar. Testane kan vere munnlege, skriftlege eller praktiske. Ingen av dei gjer vondt, men du kan bli trøytt etterpå.
Etter at utgreiinga er ferdig, blir dei fleste innkalt til ei tilbakemeldingssamtale der vi går gjennom resultata. Av og til har vi også møter med andre instansar. Det vil bli drøfta behov for vidare oppfølging for eksempel på skule/arbeidsplass eller om du treng å bli tilvist til andre undersøkingar eller til behandling hos psykolog, fysioterapeut, logoped eller andre. I etterkant sender vi ein nevropsykologisk testrapport (epikrise) til den som tilviste deg, og vanlegvis også til fastlegen din og til andre instansar dersom det er avtalt.
I utgangspunktet har helsepersonell teieplikt, men det er nokre unntak der vi har meldeplikt. Det handlar i hovudsak om tilfeller der det er bekymring overfor barns omsorgssituasjon eller sikkerheit, og der helsekrav til førarkort ikkje er oppfylt.