Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Med denne behandlinga knuser vi nyre- og urinvegsstein ved å bruke eit apparat som lagar sjokkbølger. Når sjokkbølga treffer steinen, blir den knust til små bitar eller sand/grus som etter kvart blir skylt ut gjennom urinen. Behandlinga er dagkirurgisk, og du reiser heim same dag.
Det kan hende du må ta urinprøve, CT eller røntgenbilde før behandlinga. Dette får du i så fall beskjed om.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Før du kjem til sjukehuset må du vere nydusja. Det er viktig med god hygiene før operasjonen, for å førebygge infeksjon. Vask hender og føter godt. Ta av ringar og piercingar heime.
Hovudregelen er at du kan ta dei vanlege medisinane dine heilt fram til behandlinga.
Er du i tvil om kva medisinar du kan ta, kan du ta kontakt med fastlegen eller behandlande kirurg.
Du får smertestillande før behandlinga startar.
Du ligg enten på magen eller ryggen under behandlinga, alt etter kor steinen ligg.
Vi bruker ultralyd eller røntgengjennomlysing for å sikre at sjokkbølga treffer steinen.
Du får kvile ei stund etter behandlinga før du reiser heim. Du kan ikkje køyre bil på grunn av medikamenta du har fått. Du bør ha smertestillande tablettar (Paracet) tilgjengeleg som kan brukast om du treng det.
Det er mogleg å gjenta ESWL-behandlinga om det er nødvendig. Om ikkje to behandlingar gir eit tilfredsstillande resultat, vurderer vi om det kan vere aktuelt med anna behandling.
Sjukmelding er i utgangspunktet ikkje nødvendig.
Skal eg til kontroll eller følgast opp på nokon måte?
Vanlegvis skal du ta CT eller røntgen nokre veker etter behandlinga. Du blir anten kalla inn til vidare behandling, eller du får brev om at steinen er fjerna og at du ikkje treng meir behandling.
Kontakt fastlegen eller sjukehuset om du får feber, frysningar eller smerter som held fram etter behandlinga.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund