Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Ikkje alle nyresteinar kan passere ut gjennom urinvegane på eiga hand. Då kan kirurgisk behandling vere nødvendig. Ved perkutan knusing knuser/fjernar vi nyresteinen via ein arbeidskanal som blir etablert frå ryggsida.
Før operasjonen vil ein sjukepleiar orientere deg om operasjonen. Vi tar urinprøve, blodprøve og EKG (hjarteprøve). Lege vil gjere journalopptak og undersøke deg. Ta med oppdatert medisinliste.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
For å førebygge infeksjon er det viktig at du dusjar før operasjonen. Vask hender og føter godt. Det er viktig at navlen òg blir vaska. Menn må trekke forhuda tilbake. Du må ikkje ta på makeup/sminke eller ansiktskrem/bodylotion etter dusjen. Naglelakk må fjernast. Du skal ikkje ha på deg klokke, smykke, piercing eller giftering under operasjonen. Personalet barberer operasjonsområdet og ordnar med reint tøy.
Ikkje ta eigne medisinar denne morgonen. Anestesilegen bestemmer kva medisinar du skal ha og du får desse av sjukepleiar. Nokre pasientar får ei sprøyte i magen 6 timar etter operasjonen for å unngå blodpropp og nokre pasientar får også antibiotika før operasjonen.
Bruker du inhalasjonar, eventuelt augedropar/nasespray, tar du desse med.
Inngrepet blir gjort i narkose.
Når du er godt bedøvd, blir det først lag eit tynt kateter gjennom urinrøyret, via urinblæra opp til nyra. Vanlegvis blir du snudd på magen og det blir lagt eit lite snitt i sida for «kikkertinstrumentet». Via denne tilgangen blir nyresteinen/nyresteinane knust(e) og henta ut.
Operasjonstida er vanlegvis 2 timar. Nokre pasientar blir opererte mens dei ligg på ryggen.
Etter operasjonen blir eit dren (slange) lagt gjennom huda til nyrebekkenet i kanalen til kikkertinstrumentet. Innvendig blir det eventuelt lagt ein ureterstent som sikrar at urinen renn frå nyra og ned til blæra.
Du blir liggande på oppvakningsavdelinga til observasjonane av deg er stabile, da blir du flytta tilbake til sengeposten. Du kan starte varsamt med litt drikke, og du får mat når du er svolten.
Kateteret blir vanlegvis fjerna dagen etter operasjonen, mens drenet gjennom huda til nyrebekkenet blir behalden nokre få dagar. Før drenet blir fjerna, blir passasjen testa gjennom urinleiaren mellom nyrebekken og urinblære ved at drenet blir stengt i periodar. Når drenet er avstengt og seinare når det blir fjerna, er det viktig at du er mest mogleg oppe.
Sjukmelding er avhengig av arbeidssituasjonen din. Vanlegvis vil det vere eit behov for nokre få dagar etter utskriving. Du har mest sannsynleg ein stent liggande i urinleiaren etter operasjonen og urinen kan vere litt blodig den første tida. Dette er normalt, men vil minke etter kvart. Det er derfor viktig å drikke rikeleg (1–2 liter per dag) slik at du har god gjennomskylling i urinvegane.
Dersom du fekk innlagt stent under operasjonen, får du time til å fjerne denne ved Urologisk poliklinikk nokre veker etter operasjonen. Dette blir gjort i lokalbedøving. Av og til blir det gjort ein røntgenkontroll på førehand.
Du vil ha eit lite sår i sida der nefrostomikateteret har stått. Dette er lukka med sting som kan fjernast hos fastlegen etter om lag 14 dagar.
Det er vanleg med lekkasje av urin den første tida etter at kateteret er fjerna. Det er viktig at bandasjen blir skifta når ho er gjennomtrekt av urin eller sårvæske. Dersom bandasjen er tørr, kan du ha ho på i 2-3 dagar etter utskriving. Ta deretter bandasjen av forsiktig. Ekstra bandasje får du kjøpt på apoteket.
Det er viktig at du observerer såret når du har kome heim. Du skal sjå etter teikn som raudheit, heving og pussdanning. Dette kan vere teikn på sårinfeksjon. Ta kontakt med fastlegen din dersom du opplever dette.
Ved stor nyrestein, og stein inne i sidegangane i nyret, førekjem reststeinar som du får tilbod om behandling for. Dette kan både gjerast med same teknikk, eller med ytre steinknusing, ESWL (Extracorporeal shock wave lithotripsy).
Det er inga avgrensing for vanleg fysisk aktivitet etter ein slik operasjon, men ta det gjerne med ro dersom stenten gir ubehag. Det blir tilrådd å avstå frå trening og annan hard fysisk aktivitet i om lag 14 dagar etter operasjonen.
Infeksjon i urinvegane kan oppstå med symptom som feber, smerter og endring i vasslatinga. Då må du oppsøkje fastlege for å ta urinprøve og eventuelt få behandling. Gjer legen merksam på at du er nyoperert og det er normalt å ha blod i urinen etter dette.
Det hender at små bitar av nyrestein glir ned i urinleiaren og sit seg fast, eller gir smerter, under passasjen nedover. Då kan eventuelt bli behov for ytterlegare behandling.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund