Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Nyrestein kan bli fjerna/knust via eit skop som blir ført gjennom urinrøyret og opp i urinblæra og vidare til urinleiaren/urinleiarane.
Før operasjonen vil ein sjukepleiar orientere deg om operasjonen og førebuingane til denne. Det vil bli tatt blod- og urinprøve, og er du over 60 år eller har kjent hjartesjukdom, skal du ta EKG (hjarteprøve). Ein lege vil gjennomføre journalopptak, med ei enkel kroppsundersøking. Ta med oppdatert medisinliste.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
For å førebygge infeksjon, er det viktig at du kjem nydusja til avdelinga. Hos menn må forhuda trekkast tilbake og navlen må reinsast. Vask hender og føter godt.
Du må ikkje ta på «makeup» (sminke) eller ansiktskrem/bodylotion etter dusjen. Neglelakk må fjernast. Du kan ikkje ha på deg smykke eller piercing, heller ikkje giftering.
Ikkje ta eigne medisinar denne morgonen. Anestesilegen bestemmer kva medisinar du skal ha og du får desse av sjukepleiar. Nokre pasientar får ei sprøyte på magen 6 timar etter operasjonen, for å unngå blodpropp og nokre pasientar får også antibiotika før operasjonen. Bruker du inhalasjonar, eventuelt augedropar/nasespray, tar du desse med.
Bedøvinga du får er vanlegvis spinalbedøving i ryggen, eller ein kort narkose. Når du er godt bedøvd, lyser kirurgen inn i urinleiaren/eine og knuser/fjernar stein. Som oftast blir det lagt inn ein ureterstent (innvendig plastrøyr som sikrar at urinen renn frå nyrene til urinblæra). Ureterstenten blir fjerna nokre veker etter operasjonen ved urologisk poliklinikk. Etter operasjonen vil du få innlagt eit blærekateter som vanlegvis blir fjerna nå bedøvinga er gått ut. Operasjonstida varierer frå ½ – 2 timar.
Du blir liggande på oppvakningsavdelinga til observasjonane av deg er stabile og utpå dagen/ettermiddagen blir du flytta tilbake til sengeposten.
Du kan starte med mat og drikke når du ønsker etter operasjonen. Når du har fått tilbake kjensla i beina (ved bedøving i ryggen), kan du stå opp.
Urinen kan vere litt blodig den første tida. Dette er normalt, men vil minke etter kvart. Det er derfor viktig å drikke rikeleg (1–2 liter per dag) slik at du har god gjennomskyljing i urinvegane.
Sjukmelding er avhengig av arbeidssituasjonen din. Vanlegvis vil det trengast nokre dagar etter utskriving.
Om du har fått innlagt eit urinkateter i blæra di under operasjonen, kan dette fjernast same dag eller dagen etter operasjon. Dette blir vanlegvis gjort så lenge det ikkje er teikn til infeksjon eller stor bløding.
Det inneliggande plastrøyret (stenten) i urinleiaren blir vanlegvis behalde i 3-7 dagar. Du vil ha ein tråd ut av urinrøyret som blir brukt ved fjerning. Dette blir gjort på urologisk poliklinikk eller du kan fjerne han sjølv heime (da vil du få opplæring i dette før du reiser heim). Tråden er festa med teip på penis eller innsida av låret. Det er viktig at du ikkje trekker i tråden slik at stenten sklir ut, vêr derfor merksam på dette ved intimvask.
Nokon må behalde stenten nokre veker etter operasjonen (vanlegvis 2-4 veker), da vil du ikkje ha tråd ut frå urinrøyret. Stenten blir fjerna med eit tynt kamerarøyr (cystoskopi) og lokalbedøving på urologisk poliklinikk.
Du kan ta opp att normal aktivitet same dag som operasjon. Det blir anbefalt å avvente trening til 2 veker etter operasjonen.
Skal eg til kontroll eller følgast opp på nokon måte?
Infeksjon i urinvegane kan oppstå med symptom som feber, smerter og endring i vasslatinga. Da må du oppsøke fastlege for å få tatt urinprøve og eventuelt få behandling. Gjer legen merksam på at du er nyoperert og at det er normalt å ha blod i urinen etter dette.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund