Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Alle pasientar med diagnosen klasehovudverk kan prøve oksygenbehandling ved klasehovudverkanfall. Vi tilrår 100 % oksygen med ein flyt på 10-15 l/min i ei ansiktsmaske med reservoar.
Oksygen blir forordna og rekvirert av spesialist. Du får opplæring i bruk av utstyr og informasjon om kvar du kan låne O2-kolbe og nødvendig utstyr.
Sjå til at reservoaret blir fylt opp før du koplar på maska. Hald maska tett over nase og munn. Rett innstilling på talet på liter per minutt er når reservoaret akkurat blir fylt opp mellom inn- og utpust. Du skal stå eller sitje oppreist og ha maska på i heile behandlingsperioden. Trekk pusten heilt ned i magen, med djupe innpustingar (gode «magadrag»).
Du bør starte behandling med oksygen på maske tidleg i anfallet og halde på i minst 15 minutt.
Steng hovudkrana, skru regulatoren på 0 og slepp ut overskotsoksygen.
Oksygen er ein svært brannfarleg gass. Kolben må derfor ikkje brukast i nærleiken av open eld eller der det blir røykt.
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund