Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sekretorisk otitt

Operasjon av kronisk mellomøyrebetennelse (væske i mellomøyret)

Nokre barn kan etter øyrebetennelse eller forkjøling få opphoping av væske i mellomøyret. Dette blir kalla sekretorisk otitt og kan påverke høyrselen. Tilstanden går oftast over av seg sjølv, men dersom det held fram over tid er det aktuelt med operasjon.

Lufta i mellomøyret ditt må heile tida bli erstatta av ny luft. Mangel på luft kan gjere at du får betennelse i slimhinna.

Les meir på helsenorge.no

Under ein operasjon kan legen sette inn eit ventilasjonsrøyr i trommehinna.

Tilvising og vurdering

Barnet blir tilvist til ØNH-spesialist for operasjonsvurdering dersom andre tiltak ikkje har effekt.

Alle tilvisingar bør innehalde:

  • aktuell sjukehistorie
  • relevante tidlegare og nåverande sjukdommar
  • kliniske funn
  • resultat av relevante tilleggsundersøkingar
  • oppdatert medikamentoversikt

(Ved bruk av malen «den gode tilvisinga» som er integrert i dei fleste elektroniske pasientjournalsystema er overnemnde punkt dekte).

Hugs

  • ved tilvising av barn eller av pasientar utan samtykkekompetanse – kontaktinformasjon til føresette
  • eventuelt tolkebehov

For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta:

Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta, Helsedirektoratet.

Før

  • Barnet må faste før operasjonen. Å faste vil seie at barnet ikkje kan ete eller drikke mjølk dei 6 siste timane før operasjonen. Barnet kan drikke klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt) inntil 2 timar før operasjon.
  • Barn som får morsmjølk/-erstatning kan få dette inntil 4 timar før operasjon.
  • Det er viktig at barnet møter nydusja/bada og i reine klede.
  • Dersom barnet bruker medisinar eller inhalasjonar, skal desse takast med til sjukehuset.
  • Kontaktlinser, smykke, ringar, øyredobbar, piercing eller naglelakk må fjernast før operasjonen.

Under

Operasjon av barn blir utført i narkose. Om vaksne pasientar treng innlegging av ventilasjonsrøyr blir dette som oftast utført poliklinisk i lokalbedøving.

Det blir lagt eit snitt i trommehinna med ein liten spiss kniv. Deretter blir væska sogen bort før ein plasserer eit lite plastrøyr i trommehinna.

Operasjonen tar berre nokre få minutt.

Etter

Operasjonen medfører sjeldan smerter. Ved behov kan paracetamol brukast.

  • Det er normalt at det kan komme litt blodig sekret frå øyret. Dette kan halde fram i opptil éi veke.
  • Barn med innlagt ventilasjonsrøyr skal unngå å stupe eller dykke under vatn.
  • Unngå badebassengvatn i øyra dei første 10 dagane etter operasjonen.
  • Barnet kan dusje og vaske håret tre dagar etter operasjonen.

Dersom barnet ditt er plaga med gjentatte infeksjonar i øyra, bør det bruke silikonproppar ved aktivitetar i vatn. Du kan kjøpe slike proppar på apoteket.

Vasslating

Sjekk at vasslatinga fungerer som normalt etter operasjonen. Ta kontakt med sjukehuset dersom barnet ikkje får tissa i løpet av kvelden.

Aktivitet

Barnet kan vere i normal aktivitet dagen etter operasjonen.

Kontroll

Barnet blir kalla inn til ein første kontroll ved ØNH-lege. Deretter blir barnet følgt opp til røyret har falle ut. Kor lenge eit røyr sit i trommehinna varierer, men blir vanlegvis fjerna kirurgisk om det ikkje har falle ut etter to år.

Ver merksam

Kontakt fastlege dersom:

  • barnet får symptom på infeksjon, som sekresjon frå øyret, aukande smerter og feber over 38,5.
  • det framleis kjem sekresjon frå øyret éi veke etter inngrepet.
Sist faglig oppdatert 20.10.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland