Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Dersom forhuda er for stram til å kunne bli trekt tilbake over hovudet på penis (glans) utan ubehag, kan det vere grunn til å operere forhuda. Trong forhud kan gi smerter og problem med hygiene og vasslating.
Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Det er viktig med god hygiene før operasjonen for å førebyggje infeksjon. Barnet skal derfor dusje på operasjonsdagen. Forhuda blir trekt tilbake så godt det lèt seg gjere for god reingjering.
Brukar barnet allergi-, astma-, eller epilepsimedisinar, skal desse som hovudregel blir gitt i morgondose også på operasjonsdagen.
Inngrepet blir utført i narkose. Føresette kan vere med barnet til det har sovna, men ikkje under sjølve operasjonen.
Den vanlegaste teknikken er å opne det tronge partiet med eit lite snitt, og eventuelt fjerne ein del av forhuda. I nokre tilfelle kan det gjerast ein mindre plastisk korreksjon.
Såret blir sydd med tråd som forsvinn av seg sjølv i løpet av 14 dagar. Det blir lagt på rikeleg med salve og ein bandasje. De kan reise heim kort tid etter inngrepet.
Etter operasjonen vil det bli ein del hevelse, og operasjonsområdet vil vere raudt og ømt ei tid etter. Det kan også svi når barnet lèt vatnet dei første dagane.
God hygiene er viktig for å unngå betennelse. Barnet kan dusje etter operasjonen, medan bading i badekar kan gjerne vente 3-4 dagar. Dersom barnet har bandasje, kan denne skiftast så lenge det siv sårvæske frå såret og etter kvart kan denne fjernast.
Ved smerter etter operasjonen kan barnet få Paracetamol etter dosering på pakken. Ved allergi bør du kontakte lege. Du kan og smørje Xylocain-gel på sårflatene for å dempe smertene. Dette får du kjøpt utan resept på apoteket.
Dagen etter operasjonen må du trekkje forhuda hos barnet forsiktig fram og tilbake nokre gonger. Dette må gjerast dagleg i ei tid framover.
Barnet kan sjølv bestemme fysisk aktivitet. For skulebarn kan det vere aktuelt med 2-3 veker fri frå gymnastikk.
Kontakt avdelinga om du opplever:
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Ventetid: 12 - 60 uker
Kontakt Urologisk avdelingDu finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund