Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Øre, nese- og halsundersøking

Ein undersøking hos øyre, nase og halslege blir gjennomført for å sjå om det er teikn til sjukdom i overflata på innsida av halsen, og for å sjå om nervar og musklar i dette området fungerer som dei skal.

Før

Undersøkinga krever ingen førebuingar.

Under

Når undersøkinga blir gjennomført, sit du i ein undersøkingsstol mens legen sit rett overfor deg. Legen vil først undersøke heile munnhola ved å sjå på tunga, munngolvet, innsida av kinna og øvste del av halsen med ein tungespatel (flat pinne) som trykker tunga ned. Deretter blir ytre del av nasen undersøkt, ofte ved hjelp av eit fleksibelt skop (tynt røyr med kamera i enden). Skopet blir ført gjennom nasen til svelget, slik at legen kan undersøke resten av svelget og strupen. I nase-/biholeområdet kan det vere aktuelt å bruke eit rett/stivt skop.  
 
Til slutt vil legen bruke hendene for å undersøke utsida av halsen din. Øyrene blir inspisert med øyremikroskop gjennom ei metalltrakt.  
 
Dersom du treng lokalbedøving undervegs, vil legen spraye den på overflatene som skal bli undersøkt, eller dynke den på bomullsstrimlar og legge dei inn i nasen din. 

Gjer det vondt? 

Undersøkinga gjør ikkje vondt. Ved behov kan du få lokalbedøving. Dette gjeld spesielt ved undersøking av nasen eller av strupen. 

Etter

Du treng ikkje ta nokre spesielle forholdsreglar etterpå, og du kan reise heim med ein gong. Dersom lokalbedøving er spraya i svelget, bør du unngå å drikke eller ete til god sensibilitet (følelse) i svelget har komme tilbake. Dette kan ta nokre timar.  

Når får du resultatet? 

Legen vil gi deg svar på resultatet av undersøkinga straks den er ferdig.  


Sist faglig oppdatert 04.11.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland