Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Øredreninnleggelse hos barn

Dei fleste barn opplever episodar med akutt mellomøyrebetennelse. Det går som oftast over av seg sjølv, men ved langvarige eller uttalte tilfelle kan det vere nødvendig å behandle med antibiotika. I nokre tilfelle blir øyrebetennelsen og væskedanninga i mellomøyret kronisk og held fram over månader. Dermed blir høyrselen redusert og ein kan få ei forseinka språkutvikling. I slike tilfelle kan det vere aktuelt å operere inn eit ventilasjonsrøyr (også kalla dren) i trommehinna.

Vanlegvis blir mellomøyre ventilert gjennom øyretrompeten som knyter mellomøyret til nasesvelget. For å betre ventilasjonen til mellomøyrt ved kronisk mellomøyrebetennelse, kan det vere nødvendig å operere inn eit ventilasjonsrøyr i trommehinna.  

Å operere inn ventilasjonsrøyr er ei vanleg behandling med få komplikasjonar. 

 

 

Før

Det er spesielt viktig at pasienten er frisk dei siste vekene før operasjonen. Operasjonen skjer som oftast i narkose. Hos eldre barn og vaksne får lokalbedøving.

Barn som skal operere i narkose, må faste før operasjonen.

​​​Faste

​​Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk: Skal stoppast 6 timar før
  • Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timar før
  • Morsmjølk: Skal stoppast 3 timar før
  • Drops og tyggegummi, røyk og snus: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker: Skal stoppast 1 time før

Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.​

 

Barnet blir undersøkt av lege som også gir informasjon om operasjonen, moglege komplikasjonar og andre viktige opplysningar. Det kan bli noko ventetid dersom andre operasjonar tar lengre tid enn planlagt. Éin følgesperson kan vere saman med barnet inne på operasjonsstua til det har sovna. 

Under

Barnet får som oftast narkose, men større barn kan av og til opererast i lokalbedøving.

Kirurgen lagar eit lite hol i trommehinna, syg ut væske frå mellomøyret og set inn ventilasjonsrøyret. 

Etter

Etter operasjonen blir barnet observert på eit oppvakningsrom. Vanlegvis kan ein reise heim etter nokre timar. 

Inngrepet gir lite eller ingen smerter, men narkosen kan gi lett ubehag, irritabilitet og kvalme. Barnet kan ta smertestillande (for eksempel paracetamol) i den dosen som står på pakken. 

Høyrselen vil ofte vere betre allereie like etter operasjonen. 

Legen skriv ut resept på øredropar eller andre medisinar ved behov. Kontrollar etter operasjonen blir vanlegvis gjorde hos privatpraktiserande øyre-nase-hals-lege eller ved ØNH poliklinikk på sjukehus. 

Barnet kan vanlegvis gå i barnehage/skole dagen etter operasjonen. Det er vanleg at det renn noko frå øyregangen dei første dagane etter operasjonen.  

Øret bør haldast tørt den første veka etter operasjonen. Deretter kan barnet bade utan noka form for vern. Ein anbefaler ikkje dykking eller stuping så lenge ein har ventilasjonsrøyr i trommehinna. Skal barnet til utlandet, bør øret vernast ved bading på grunn av annan bakterieflora enn i Noreg. Bruk for eksempel ein bomullsdott med feit salve/vaselin i øyregangen, eller kjøp eit spesialprodukt frå apoteket. 

Ver merksam

Komplikasjonar: 

  • Ved postoperativ infeksjon med sekresjon, feber og smerter bør ØNH-lege kontaktast.  
  • Dersom trommehinna ikkje gror etter at ventilasjonsrøyret har falle ut, kan det bli nødvendig å lukke hòla kirurgisk.  
  • Alle former for irritasjon av trommehinna (gjentatte øyrebetennelsar og operasjonar) kan gi kalkdanning i trommehinna. Dette er ufarleg og påverkar som oftast ikkje høyrselen.
  • Infeksjon seinare i forløpet: Øyrebetennelse kan oppstå sjølv om eit ventilasjonsrøyr er på plass. Det kan også oppstå betennelse og infeksjon i trommehinna rundt sjølve røyret. Da er det aktuelt med dropebehandling.  

Vanlegvis fell røyret ut av seg sjølv etter ei tid. Dersom det ikkje er tilfelle blir det vanlegvis fjerna når det har gått to år. Andre gonger fell røyret ut for fort. Dersom det dannar seg væske kan det bli behov for ny operasjon. 

Sist faglig oppdatert 04.12.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals
Ventetid: 12 - 28 uker

Ventetid: 12 - 28 uker

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

12 uker til utredning

16 uker til dagbehandling (28 totalt)