Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Otosklerose – nydanning av beinvekst i mellomøyret som påverkar øyrebeinkjeda

Otosklerose fører til nedsett høyrsel som følgje av nydanning av beinvev ved stigbøyelen og av og til også i sniglehuset. Stigbøyelen som overfører lydbølgjene til det indre øyret, rører tregare på seg og dermed blir høyrselen svekt.

Årsaker

Grunnen til at det blir danna bein ved stigbøyelen er ukjend. Sjukdommen utviklar seg over nokre år og er i ei viss grad arveleg. 

Undersøking med stemmegaffel vil kunne avsløre i kva grad lyd blir leidd til det indre øyret. Ved mistanke om otosklerose, vil du bli vist til ein øyre-nase-hals-spesialist. Her blir det teke høyrselstestar og øyregangen blir sjekka med mikroskop.

Tilvising og vurdering

Du blir vist til utgreiing og behandling hos øyre-nase-hals-lege av fastlegen din.

Utredning

Etter undersøking av øyra og ulike høyrselstestar kan ein øyre-nase-hals-lege mest sannsynleg stille diagnose og de kan saman bli einige om kva behandling som er best for deg. Det finst to alternativ: Tilpassing av høyreapparat eller operasjon.

Eit høyreapparat kan vere til god hjelp dersom høyrselstapet ikkje er stort. Det endrar ikkje sjukdomsbiletet, men forbetrar lydoverføring og dermed betre høyrsel. Eit høyreapparat bør som oftast utprøvast før kirurgi, og dersom dette er til nytte vil ein til vanleg ikkje anbefale kirurgi.

Operasjon

I forkant av inngrepet må det avklarast om du har andre sjukdommar eller om du bruker medisinar som kan ha noko å seie for operasjonen eller narkosen. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar, må det avklarast med fastlegen din om du kan slutte med desse før operasjonen.

Du blir innkalla til ei forundersøking før operasjonen. Her møter du ein lege som undersøkjer deg, informerer deg om operasjonen og om moglege komplikasjonar og dessutan forholdsreglar før og etter operasjonen.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. ​

Dersom du bruker faste medisinar skal desse ikkje takast om morgonen operasjonsdagen, men bli tekne med til sjukehuset saman med ei oppdatert liste over medisinane du bruker. Anestesilege ordinerer kva for nokre av dei faste medisinane dine du kan ta før operasjonen. Du kan likevel bruke eventuell inhalasjonsmedisin som vanleg og ta denne med til sjukehuset.

Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.

  • Ikkje ta på hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
  • Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Er piercingane vanskelege å fjerne, kan du risikere at dei blir klipte. Det er derfor lurt å bruke litt tid på dette før du kjem.
  • Briller og høyreapparat kan du ha på.

Behandling

Operasjonen skjer i narkose under mikroskop. Ein opererer gjennom øyregangopninga med eitt lite snitt i øvre del av øyregangen. Trommehinna blir løfta opp for å få tilgang til mellomøyret. Delar av stigbøyelen blir fjerna og erstatta med ein protese.

Det finst ulike typar protesar. Som regel består desse av teflon/platina, titan eller eit anna materiale som mellomøyret toler godt. Dei er i storleiksorden 0,6 x 4,5 mm. Ingen av protesane er til hinder for å gå gjennom ei MR-undersøking.

Etter protesen er operert inn, blir trommehinna lagd tilbake og det blir plassert ein tampong i øyregangen, som kan fjernast etter 1–3 veker.

Oppfølging

Du kan dusje frå dagen etter operasjonen, men må unngå å få vatn på operasjonsområdet.

Vanlegvis blir ein sjukmeld i 2 veker. Det er viktig at du tek det med ro dei første dagane etter operasjonen, med gradvis auke av aktivitet. Etter 4 veker kan du ta opp att eventuell trening. Dei første 14 dagane etter operasjonen bør du unngå trykkauke i øyret, som for eksempel å snyte deg kraftig, løfte tungt eller bøye deg til golvet.

8 av 10 pasientar som går gjennom ein operasjon, får så god høyrsel at dei kan delta i ein normal samtale utan bruk av høyreapparat. Høyrselsgevinsten er som regel varig. I sjeldne tilfelle kan det skje at protesen losnar eller andre forandringar som kan gjere ein ny operasjon nødvendig.

Lett svimmelheit kan finnast dei første dagane etter operasjonen.

I sjeldne tilfelle kan det oppstå komplikasjonar. Ein kan få øreinfeksjonar eller skade på smaksnerven som ligg i mellomøyre. Derfor blir berre eitt øyre operert om gongen. Omtrent 1 prosent av pasientane blir plaga med langvarig svimmelheit etter inngrepet og cirka 0,5–1 prosent får redusert høyrsel på det opererte øyra.

Nokre pasientar har tinnitus i samband med otosklerosesykdommen. Korleis den utviklar seg etter operasjonen er ikkje mogleg å seie på førehand. Ofte blir den betre, men i sjeldne tilfelle kan ein oppleve tiltakande plager.

Ver merksam

Ta kontakt ved teikn på infeksjon som feber, smerter eller nedsett allmenntilstand.

Sist faglig oppdatert 22.06.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland