Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Brot i overarmen kan oppstå fleire plassar og delast derfor inn i tre kategoriar: Brot øvst i overarmen (brot i skulder), brot midt på overarmen (overarmskaftbrot) og brot nedst i overarmen.
Ved mistanke om brot etter mindre uhell kontaktar du fastlege eller legevakt. Ved openberre brotskadar etter større uhell og ulykker ringjer du 113.
Dersom vi mistenkjer brot, tek vi eit røntgenbilete for å påvise eller avkrefte dette. Legen vil også gjere ei klinisk undersøking.
Det hender at brot i overarmsbeinet kan gi skade i kar og nerve. Radialis-nerven er spesielt utsett ved skaftbrot, då han ligg heilt tett innpå beinet og snor seg rundt beinet i overgangen til nedre tredel. Utfall i denne nerven kan gi såkalla drophand, det vil seie at du ikkje klarer å strekkje ut i handleddet. Dei fleste tilfella er forbigåande, og nerven vil som regel komme seg etter nokre månadar.
Dei fleste overarmsbrot blir behandla konservativt, det vil seie utan operasjon – ofte med ein overarmsortose eller gips og fatle. Feilstilling i brotet blir akseptert når det ikkje har noko konsekvens for funksjonen i armen.
I nokre tilfelle er det behov for operasjon. Som oftast er det typen brot som avgjer dette. I nokre tilfelle er ikkje konservativ behandling mogleg på grunn av smerter. Brot i nedre del av overarmsbeinet blir oftare behandla med operasjon, og ved brot inn i olbogeleddet tilrår vi ofte operasjon.
Ved brot heilt nedst i overarmen, gjerne inn mot olbogeleddet, er det viktig å rette opp att ei god stilling på dette. Det blir då vanlegvis sett inn to plater som gjer brotet så stabilt at du slepp gips. Det er viktig å komme i gang med rørsletrening så raskt som mogleg, slik at du unngå at olbogen stivnar.
De aller fleste brota kan behandlast utan operasjon (konservativt), sjølv ved stor feilstilling. Beinet i overarmen hos barn har stor remodelleringsevne. Det vil seie at det «reparerer» seg sjølv etter kvart som barnet veks.
Brot i overarmen blir følgt opp med røntgen og klinisk kontroll etter 2, 6 og eventuelt 12 veker. Dette gjeld etter både operativ og ikkje operativ behandling.
Dersom du får ortosebehandling, er det viktig at du bevegar armen og strammar ortosen etter kvart som det er behov for det. Gipsteknikarar på sjukehuset kan hjelpe deg med å lage eller tilpasse ein ortose som fungerer bra for deg.
Av og til kjem det bakteriar i operasjonssåra, noko som kan føre til ein infeksjon. Teikn på infeksjon kan vere at såret blir raudt, aukande hevelse eller væske som siv ut frå såra. Smerter frå såret eller feber kan også vere eit teikn på infeksjon.
Dersom det oppstår infeksjon, er det viktig å kontakte avdelinga for vidare utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør, vil du automatisk bli registrert på akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet på akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund