- Gravide med overvekt eller fedme med BMI under 35 blir følgde opp i primærhelsetenesta. Vi tilrår tett oppfølging med råd om endringar i kosthald og livsstil.
- Gravide med BMI over 30 blir tilrådde blodprøve (HbA1c) innan svangerskapsveke 16 for å avdekkje eventuell diabetes som ikkje er oppdaga.
- Gravide med BMI over 25 blir tilrådde glukosebelastingstest i svangerskapsveke 24 - 25 for å avdekkje svangerskapsdiabetes.
- Førstegongsfødande med BMI over 30 blir viste til spesialist ved 24 vekers svangerskap, for oppfølging hos spesialist ved 24, 32 og 36 vekers graviditet.
- Dersom du har gått gjennom eit normalt svangerskap tidlegare og ikkje har tilleggssjukdommar, blir kontrollane sjeldnare.
Frå og med veke 32 bør du følgjast opp på den poliklinikken der du skal føde. Dette er avhengig av om du er førstegongsfødande eller har gått gjennom eit normalt svangerskap tidlegare. Omfanget av oppfølginga er avhengig av om du har andre tilleggstilstandar som svangerskapsforgifting, høgt blodtrykk eller diabetes.
Ei mindre gruppe gravide med fedme kan ha stor risiko for akutt keisarsnitt. Dersom det er fleire kompliserande faktorar som tidlegare keisarsnitt, tidlegare komplisert fødsel, mistanke om veldig stort barn, seteleie, tvillingar, BMI > 50, eller diabetes, vil ein på førehand ha gjort ei vurdering om det er tryggare å gjere planlagt keisarsnitt.