Behandling

Overvekt og svangerskap

Overvekt og fedme i svangerskapet aukar risikoen for komplikasjonar både i svangerskapet, under fødselen og i barseltida. Overvekt og fedme kan opptre åleine eller vere ein del av eit samansett sjukdomsbilete.

Overvekt og fedme i svangerskap medfører ein helserisiko seinare i livet både for mor og barn, og kan reduserast ved sunnare kosthald og fysisk aktivitet. Svangerskap er ein periode der kvinner synest spesielt motiverte og mottakeleg for informasjon og oppfølging av overvekt og fedme. Sunnare kosthald og auka aktivitet gir så langt vi veit ikkje uheldige utfall for svangerskapet. Aktiv slanking blir ikkje tilrådd, men avgrensing av vektauke er viktig.

Det er tilrådd at gravide er i fysisk aktivitet minst 30 minutt kvar dag. I siste del av svangerskapet har mange smerter ved gonge, og då kan til dømes symjing vere eit godt alternativ.

Før

  • Gravide med overvekt eller fedme med BMI under 35 blir følgde opp i primærhelsetenesta. Vi tilrår tett oppfølging med råd om endringar i kosthald og livsstil.
  • Gravide med BMI over 30 blir tilrådde blodprøve (HbA1c) innan svangerskapsveke 16 for å avdekkje eventuell diabetes som ikkje er oppdaga.
  • Gravide med BMI over 25 blir tilrådde glukosebelastingstest i svangerskapsveke 24 - 25 for å avdekkje svangerskapsdiabetes.
  • Førstegongsfødande med BMI over 30 blir viste til spesialist ved 24 vekers svangerskap, for oppfølging hos spesialist ved 24, 32 og 36 vekers graviditet.
  • Dersom du har gått gjennom eit normalt svangerskap tidlegare og ikkje har tilleggssjukdommar, blir kontrollane sjeldnare.

Frå og med veke 32 bør du følgjast opp på den poliklinikken der du skal føde. Dette er avhengig av om du er førstegongsfødande eller har gått gjennom eit normalt svangerskap tidlegare. Omfanget av oppfølginga er avhengig av om du har andre tilleggstilstandar som svangerskapsforgifting, høgt blodtrykk eller diabetes.

Ei mindre gruppe gravide med fedme kan ha stor risiko for akutt keisarsnitt. Dersom det er fleire kompliserande faktorar som tidlegare keisarsnitt, tidlegare komplisert fødsel, mistanke om veldig stort barn, seteleie, tvillingar, BMI > 50, eller diabetes, vil ein på førehand ha gjort ei vurdering om det er tryggare å gjere planlagt keisarsnitt.

Under

Dersom du har ei normal svangerskapsutvikling og er utan tilleggsdiagnosar tilrår vi at du er på trivselskontroll i løpet av den første veka etter termin. Vi vurderer også behov for å setje i gang fødselen dersom du ikkje går spontant i fødsel.

For å førebyggje komplikasjonar er det tilrådd med ekstra tiltak for å overvake deg og fosteret under fødselen. Dette kan til dømes vere å ta blodprøvar, ekstra fosterovervaking, intravenøse tilgangar og at du får tidleg epiduralbedøving.

Etter

Gravide med fedme har ein auka risiko for blodpropp etter fødsel. Etter fødsel er det viktig at du kjem deg raskt i aktivitet.

Støttestrømper, aktivitet og blodfortynnande sprøyter kan førebyggje blodpropp.

Gravide med fedme opplever oftare problem med amming. Ein bør vere merksam på dette og gi ekstra støtte i barsel.

Før utskriving frå barsel er det viktig at kvinna blir oppmoda til å gå ned i vekt med tanke på komplikasjonar ved eit eventuelt seinare svangerskap  

Kontakt

Haugesund sjukehus Føde og barsel Haugesund

Kontakt Føde og barsel Haugesund

Oppmøtestad

3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Besøkstider og retningslinjer for besøk

  • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
  • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.