Det finst ingen enkel test som kan avdekkje Parkinsons sjukdom. Legane stiller derfor diagnosen etter å ha snakka med deg om symptoma dine og det blir gjennomført ei nevrologisk undersøking. Blodprøvar og bilete av hjernen kan også vere aktuelt. Dette blir vanlegvis gjort for å utelukke andre sjukdommar.
Det er viktig at du registrerer kva symptom du har slik at du kan fortelje legen om endringar frå gong til gong. Ei symptomdagbok kan vere ein god idé. Slik informasjon er nyttig for legen. Dersom symptoma er milde, kan det ta fleire år før du treng legemiddelbehandling.
Ved nokre tilfelle kan legen prøve behandling med dopamin for å sjå om dette har effekt på symptoma. Dersom behandlinga har effekt, kan dette vere med på å stille rett diagnose.