Parkinsons sjukdom

Parkinsons sjukdom er ein kronisk nevrologisk sjukdom som blir kjenneteikna av at hjerneceller som produserer dopamin i eit lite og avgrensa område i hjernestammen gradvis blir øydelagd. Dette fører blant anna til trege rørsler, stive musklar og skjelving.

Ved Parkinsons sykdom mister kroppen gradvis evnen til å bevege seg normalt. Dette fører blant annet til trege bevegelser, stive muskler og skjelving. Det finnes ingen kur for sykdommen, men ulike behandlinger for å lindre symptomer.

Les meir på helsenorge.no

Årsak 

Årsaka til sjukdommen er ikkje nøyaktig kjent, men sannsynlegvis handlar det om ei medfødd sårbarheit og miljøfaktorar. Sjukdommen debuterer oftast etter 50 år og rammar menn noko oftare enn kvinner. Det finst ingen kur for sjukdommen, men ulike medikamentelle og ikkje-medikamentelle tiltak for å lindre symptom. 

Symptom 

Motoriske symptom

  • Langsame rørsler
  • Stivleik i musklar
  • Skjelving av for eksempel ei hand i kvile. 

Kombinasjonen av desse symptoma blir kalla parkinsonisme. 

Ikkje-motoriske symptom 

  • Treg mage
  • Urinlekkasje
  • Blodtrykksfall
  • Søvnproblem
  • Smertar
  • Psykiske og kognitive symptom. 

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om Parkinsons sjukdom kan fastlege vise til nevrolog. 

Utgreiing

Det finst ikkje ei enkelt test eller blodprøve som kan bekrefte at du har Parkinsons sjukdom. Diagnosen blir stilt på bakgrunn av symptom og funn ved undersøking hos nevrolog, og ved å vurdere om legemiddel med dopaminverknad på hjernen lindrar dei motoriske symptoma. Det er dei motoriske symptoma som gir grunnlaget for diagnosen.  

Der er vanleg å ta MR eller CT av hovudet, først og fremst for å utelukke andre årsaker til symptoma. Somme gonger kan det vere behov for andre bildeundersøkingar av hjernen. 

Har du fått diagnosen Parkinsons sjukdom vil du automatisk bli inkludert i Norsk Parkinsonregister og biobank. 

Behandling

Det finst inga behandling som kan bremse eller kurere sjukdommen. Behandling kan dempe symptoma og betre livskvaliteten.  

Behandling av motoriske symptom 

I tidleg fase av sjukdommen er det vanleg å gi medikament som fører til auka dopaminverknad i hjernen. Dei kan hjelpe mot langsame rørsler, stivleik og skjelvingar. 

I seinare fasar av sjukdommen kan symptoma svinge mykje i løpet av ein dag. Da kan det bli aktuelt med såkalla «avansert behandling» i form av: 

Pumpebehandling med kontinuerleg tilførsel av medisin i flytande form via eit hol gjennom huda og inn til magesekken (PEG) eller via ei tynn nål som blir stukken gjennom huda. 

Kirurgi med djup hjernestimulering, der to elektrodar blir opererte inn i hjernen og kopla til ein pacemaker på brystet. Dei fleste som får djup hjernestimuleringa vil ha oppladbart batteri, men enkelte vil ha eit batteri som må skiftast ut etter nokre år. 

Behandling av ikkje-motoriske symptom 

Det varierer frå person til person kva ikkje-motoriske symptom ein vil få og til kva tid. Behandlinga vil rette seg inn mot dei ulike plagene og kan bestå både av medisinar, ikkje-medikamentelle tiltak og grundig informasjon og støtte. 

Oppfølging

Når du får diagnosen Parkinsons sjukdom vil nevrolog og eventuelt parkinsonsjukepleiar følge deg opp. Kor ofte du treng kontroll på sjukehuset varierer i ulike fasar av sjukdommen. Mange har stabil funksjon i fleire år og treng færre kontrollar, mens behovet kan auke i seinare fasar.  

Har du avansert behandling, kan du som regel kontakte parkinsonsjukepleiar eller nevrologisk poliklinikk ved utfordringar knytte til denne. 

Digitale løysingar for jamleg oppfølging og vurdering av behov for kontroll er allereie tatt i bruk nokre stader og vil bli meir vanleg framover. 

Tverrfagleg oppfølging 

I tillegg til lege og sjukepleiar kan fleire andre fagpersonar vere viktige i oppfølginga. Dette kan blant anna vere fysioterapeut, ergoterapeut og logoped. Mange av desse har gjennomført kurs og opplæring på Parkinsons sjukdom gjennom ParkinsonNet. På parkinsonnet.no kan du finne fagpersonar i nærleiken av der du bur og korleis du kontaktar dei. 

ParkinsonNet (helse-stavanger.no) 

Parkinsons sjukdom 

Parkinsons sjukdom er ein kronisk nevrologisk sjukdom som blir kjenneteikna av at hjerneceller som produserer dopamin i eit lite og avgrensa område i hjernestammen gradvis blir øydelagd. Dette fører blant anna til trege rørsler, stive musklar og skjelving. 

Årsak 

Årsaka til sjukdommen er ikkje nøyaktig kjent, men sannsynlegvis handlar det om ei medfødd sårbarheit og miljøfaktorar. Sjukdommen debuterer oftast etter 50 år og rammar menn noko oftare enn kvinner. Det finst ingen kur for sjukdommen, men ulike medikamentelle og ikkje-medikamentelle tiltak for å lindre symptom. 

Symptom 

Motoriske symptom 

  • Langsame rørsler 
  • Stivleik i musklar 
  • Skjelving av for eksempel ei hand i kvile. 

Kombinasjonen av desse symptoma blir kalla parkinsonisme. 

Ikkje-motoriske symptom 

  • Treg mage 
  • Urinlekkasje 
  • Blodtrykksfall 
  • Søvnproblem 
  • Smertar 
  • Psykiske og kognitive symptom. 

Tilvising og vurdering 

Ved mistanke om Parkinsons sjukdom kan fastlege vise til nevrolog. 

Utgreiing 

Det finst ikkje ei enkelt test eller blodprøve som kan bekrefte at du har Parkinsons sjukdom. Diagnosen blir stilt på bakgrunn av symptom og funn ved undersøking hos nevrolog, og ved å vurdere om legemiddel med dopaminverknad på hjernen lindrar dei motoriske symptoma. Det er dei motoriske symptoma som gir grunnlaget for diagnosen.  

Der er vanleg å ta MR eller CT av hovudet, først og fremst for å utelukke andre årsaker til symptoma. Somme gonger kan det vere behov for andre bildeundersøkingar av hjernen. 

Har du fått diagnosen Parkinsons sjukdom vil du automatisk bli inkludert i Norsk Parkinsonregister og biobank. 

 

Behandling 

Det finst inga behandling som kan bremse eller kurere sjukdommen. Behandling kan dempe symptoma og betre livskvaliteten.  

Behandling av motoriske symptom 

I tidleg fase av sjukdommen er det vanleg å gi medikament som fører til auka dopaminverknad i hjernen. Dei kan hjelpe mot langsame rørsler, stivleik og skjelvingar.  

I seinare fasar av sjukdommen kan symptoma svinge mykje i løpet av ein dag. Da kan det bli aktuelt med såkalla «avansert behandling» i form av: 

  • Pumpebehandling med kontinuerleg tilførsel av medisin i flytande form via eit hol gjennom huda og inn til magesekken (PEG) eller via ei tynn nål som blir stukken gjennom huda. 
  • Kirurgi med djup hjernestimulering, der to elektrodar blir opererte inn i hjernen og kopla til ein pacemaker på brystet. Dei fleste som får djup hjernestimuleringa vil ha oppladbart batteri, men enkelte vil ha eit batteri som må skiftast ut etter nokre år. 

Djup hjernestimulering for rørsleforstyrringar - kirurgisk inngrep 

Djup hjernestimulering for rørsleforstyrringar - skifte av pulsgenerator (batteri) 

Behandling av ikkje-motoriske symptom 

Det varierer frå person til person kva ikkje-motoriske symptom ein vil få og til kva tid. Behandlinga vil rette seg inn mot dei ulike plagene og kan bestå både av medisinar, ikkje-medikamentelle tiltak og grundig informasjon og støtte. 

 

Oppfølging 

Når du får diagnosen Parkinsons sjukdom vil nevrolog og eventuelt parkinsonsjukepleiar følge deg opp. Kor ofte du treng kontroll på sjukehuset varierer i ulike fasar av sjukdommen. Mange har stabil funksjon i fleire år og treng færre kontrollar, mens behovet kan auke i seinare fasar.  

Har du avansert behandling, kan du som regel kontakte parkinsonsjukepleiar eller nevrologisk poliklinikk ved utfordringar knytte til denne. 

Digitale løysingar for jamleg oppfølging og vurdering av behov for kontroll er allereie tatt i bruk nokre stader og vil bli meir vanleg framover. 

Tverrfagleg oppfølging 

I tillegg til lege og sjukepleiar kan fleire andre fagpersonar vere viktige i oppfølginga. Dette kan blant anna vere fysioterapeut, ergoterapeut og logoped. Mange av desse har gjennomført kurs og opplæring på Parkinsons sjukdom gjennom ParkinsonNet. På parkinsonnet.no kan du finne fagpersonar i nærleiken av der du bur og korleis du kontaktar dei. 

ParkinsonNet (helse-stavanger.no) 

Det finst også rehabiliteringsinstitusjonar som er spesialiserte på Parkinsons sjukdom. Mange kan ha god nytte av eit rehabiliteringsopphald i ulike fasar av sjukdommen. Tilvising får du gjennom nevrolog eller fastlege. 

 

Sist faglig oppdatert 10.04.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Nevrologisk avdeling
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Nevrologisk avdeling

Oppmøtestad

Nevrologisk sengepost

Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Besøkstider - Helse Fonna HF

Nevrologisk poliklinikk

Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.