Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Peniskreft er ei sjeldan kreftform, med cirka 70 nye tilfelle per år i Noreg. Risikoen aukar med alderen, men kan også opptre hos relativt unge menn.
Generelt er overlevelsen god dersom du kjem tidleg til behandling, med ei 5 år overleving hos 75%. Utvikling av peniskreft kan ta lang tid, og går ofte via fleire forstadium. Det er derfor viktig å få diagnostisert og behandla også forstadium til kreft.
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiar
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Dersom du har kreft eller forstadium til kreft, planlegg vi no kva behandling som er best for deg. Ei avgjerd om behandling tar vi i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit multidisiplinært teammøte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Målet med oppfølging er å oppdage tilbakefall så raskt som mogleg. Dei første to åra skal det vere kontroll kvar tredje månad i 3 år, deretter kvar 3 månad i 1 år. Ved forstadium til kreft er det vanlegvis oppfølgjning kvar 3 månad i 1 år. Oppfølginga inneber klinisk undersøking og eventuelt ultralyd av lyskeområdet, avhengig av krefttype. CT og PETCT-undersøkingar er også aktuelt.
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg. Det fins tilbod i form av kreftsykepleiar, psykolog, sosionom, sexolog og fysioterapeut i dag.
Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.
Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset.

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund