Korleis kan eg førebu meg?
Du må møte fastande, magesekken må vere heilt tom før undersøkinga.
- Ikkje ete eller drikke noko dei siste 8 timane før undersøkinga.
- Dersom du er veldig tørst, kan du drikke 1 – 2 glas vatn inntil 2 timar før undersøkinga. Etter dette kan du skylje munnen utan å svelgje noko.
Blodfortynnande medisinar
Brukar du blodfortynnande medisinar er det risiko for at det kan oppstå større blødingar enn normalt. Derfor er det ønskjeleg at du mellombels sluttar med blodfortynnande medisinar. Les innkallingsbrevet nøye for å sjå kva for nokre blodfortynnande medisinar du må slutte med, og kor lang tid før undersøkinga du må gjere dette.
Andre medisinar
- Dersom du har diabetes og bruker insulin, eller tek livsviktige medisinar som ikkje kan utsetjast, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen.
- Gi oss beskjed dersom du er allergisk for nokre legemiddel.
- Vi ønskjer at du tek med deg ei oppdatert liste over medisinar du brukar.
- Du vil få antibiotika før PEG blir laga til, for å førebyggje eventuell infeksjon etter anlegginga.