Perkutan endoskopisk gastrostomi (PEG)

Gastrostomi er ein kanal frå magesekken til hudoverflata, der det er ført ein sonde gjennom kanalen. Vanlegvis blir inngrepet gjort ved hjelp av eit gastroskop, og metoden blir kalla Perkutan Endoskopisk Gastrostomi (PEG). Sonden som blir brukt blir kalla gastrostomisonde.

Årsak

Personar som av ulike årsaker har langvarige eteproblem, kan ha nytte av ein gastrostomisonde for å få tilført tilstrekkeleg næring. Det kan vere behov for gastrostomi i ein kort periode eller i eit meir langsiktig perspektiv.

Før

Korleis kan eg førebu meg?

Du må møte fastande, magesekken må vere heilt tom før undersøkinga.

  • Ikkje ete eller drikke noko dei siste 8 timane før undersøkinga.
  • Dersom du er veldig tørst, kan du drikke 1 – 2 glas vatn inntil 2 timar før undersøkinga. Etter dette kan du skylje munnen utan å svelgje noko.

Blodfortynnande medisinar

Brukar du blodfortynnande medisinar er det risiko for at det kan oppstå større blødingar enn normalt. Derfor er det ønskjeleg at du mellombels sluttar med blodfortynnande medisinar. Les innkallingsbrevet nøye for å sjå kva for nokre blodfortynnande medisinar du må slutte med, og kor lang tid før undersøkinga du må gjere dette.

Andre medisinar

  • Dersom du har diabetes og bruker insulin, eller tek livsviktige medisinar som ikkje kan utsetjast, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen.
  • Gi oss beskjed dersom du er allergisk for nokre legemiddel.
  • Vi ønskjer at du tek med deg ei oppdatert liste over medisinar du brukar.
  • Du vil få antibiotika før PEG blir laga til, for å førebyggje eventuell infeksjon etter anlegginga.

Under

Kva skjer under undersøkinga?

Under sjølve undersøkinga ligg du på venstre side. Har du tannprotesar må desse takast ut. Du får eit munnstykke mellom tennene. Når gastroskopet kjem bak tunga, får du beskjed om å svelgje. Sjølv om dette kan opplevast ubehageleg så forsøk å slappe av og puste roleg medan legen undersøkjer deg. Etter kvart vil du få beskjed om å liggje på ryggen. Legen vil då finne ut kvar på magen gastrostomien skal plasserast, og gi bedøving før vi lagar samband mellom hud og magesekk.

Du kan puste normalt igjennom munn og nase under undersøkinga.

Det finst ulike typar gastrostomisonder og ved innlegging blir det vurdert kva type du skal ha.

Gjer det vondt?

Det kan opplevast noko ubehageleg. Men du vil på førehand få tilbod om ei roande og smertestillande sprøyte.

Kor lenge varer behandlinga/undersøkinga?

Sjølve undersøkinga tek vanlegvis mellom 30 og 45 minutt.

Etter

Skal eg til kontroll eller følgjast opp på nokon måte?

Det er ikkje planlagt nokon kontroll i etterkant. Gastrostomisonden kan liggje så lenge han fungerer og så lenge du har behov for han.

Ver merksam

Komplikasjonar rett etter innlegging er sjeldan. I heilt spesielle tilfelle kan det oppstå bløding, infeksjonar og skadar på andre organ. Ved mistanke om komplikasjonar er det aktuelt med vidare observasjonar på sjukehuset.

Den første tida etter undersøkinga kan du kjenne deg litt oppblåst og ha smerter der gastrostomien er lagd inn, men dette går over etter eit par veker.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjå informasjon om sjølvbetjent innsjekk nedafor.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.