Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
PET (positronemisjonstomografi) er ei avansert bildeundersøking som gir informasjon om metabolsk aktivitet i celler og vev etter injeksjon av eit radioaktivt legemiddel.
Ved å kombinere PET med CT eller MR får ein i tillegg detaljerte bilde av anatomien til kroppen.
Før undersøkinga får du ein injeksjon med eit radioaktivt sporstoff (druesukker) i ein venekanyle i armen. Dersom du har med deg pårørande, må dei forlate undersøkingsrommet når injeksjonen blir sett i armen din.
Etter injeksjonen skal du ligge stille i cirka éin time utan å snakke, lese eller bruke telefon. Dette er nødvendig for at stoffet skal fordele seg best mogleg i kroppen.
Når kviletida er over, startar sjølve bildeopptaket, som vanlegvis varer i 15–30 minutt.
Heile undersøkinga tar mellom 2–4 timar.
Etter undersøkinga kan du reise heim. Det radioaktive stoffet gir ein låg stråledose og forsvinn frå kroppen i løpet av 4–5 timar. I denne perioden bør du unngå nærkontakt med små barn eller gravide.
Utover venepunksjonen er det normalt ikkje noko ubehag knytt til undersøkinga. Mengda radioaktivt stoff er liten og gir svært sjeldan biverknader.
Eldremedisinsk poliklinikk
Opningstider: måndag-fredag, kl. 08.00 - 15.00
Vi er lokalisert i 1. etasje på Haugesund Sjukehus. Bruk hovudinngangen. Registrer deg i innsjekkingsmaskinen i foajeen. Ventesonen er 1G.
Eldremedisin sengepost geriatri
Vi er lokalisert i 5.etasje midtblokk. Bruk heis A ved hovudresepsjonen.
Eldremedisin sengepost alderspsykiatri
Vi er lokalisert i psykiatrisk klinikk (mursteinbygget), til høyre for hovudinngangen til sykehuset.
Spør dei frivillige i røde vestar, eller spør i resepsjonen dersom du treng hjelp

Karmsundgata 120
5528 Haugesund