Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Undersøking
Pusteprøve spirometri
Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din. Den gir primært informasjon om luftveienes tilstand. Lungefunksjonsprøven måler kor mykje luft du maksimalt får til å puste ut og kor raskt du får til å puste ut lufta.
Før
For at testen skal kunne gi eit så rett svar som mogleg er det viktig at du:
Ikkje ete eit stort måltid 1 time før undersøkinga
Unngår bruk av tobakk før undersøkinga på undersøkingsdagen
Ikkje anstreng deg siste timen før undersøkinga
Du blir målt og veid før undersøkinga
Bruker du inhalasjonsmedisin, tar du desse med til undersøkinga
Om du har ein luftvegsinfeksjon, nylig gjennomgått en operasjon eller andre medisinske forhold, bør du ta kontakt med lungepoliklinikken på førehand for å vurdera om undersøkinga skal utsettast
Om mogleg - unngå å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin:
6 - 48 timer timar før undersøkinga, avhengig av inhalasjonsmedisin.
Eventuelle inhalasjonssteroider kan brukast som vanleg. Alle andre faste medisinar tas som vanlig.
Dersom du føler deg dårlig, kan du ta inhalasjonsmedisinen din. Då er det viktig at du skriv ned når du tok medisinen. Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøven, derfor bør du alltid på førehand opplyse om kva dor medisinar du bruker.
Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.
Under
Høgde og vekt målast før spirometrien blir tatt. Under undersøkinga sitt på en stol. Du får på en naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så fort du kan. Dette gjer du fleire gonger. Sjukepleiar vil heile tida forklare kva du skal gjere. Riktig utført spirometri kan vere anstrengande. Undersøkinga er smertefri.
Dersom du er tungpustet kan vi ta ein ny test etter at du har pustet inn ein medisin. Dette gjer vi for å sjå korleis medisinen verkar på deg. Dette kallast "Spirometri med reversibilitetstest". Då ser vi om pusten er betre etter at du har fått luftvegsutvidande medisin.
g_aa4313eb_412f_44d3_a36b_5640233d6ed7
Etter
Etter undersøkinga vil legen tolke verdiane i forhold til forventa verdiar og sjå dette i samanheng med sjukdomsbilete og andre undersøkingar
Ver merksam
Nokon kan bli svimmel og synes det er ubehagelig. Nokon kan få litt hoste av undersøkinga.
Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.
Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Kantina i 6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.
Opningstider: Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.
Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.
Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede.
Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.
Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.
Parkeringshuset har 3 ladeuttak.
Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.
Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.
Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på p-automatane.
Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.