Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Helicobacter-test

Pusteprøve, urea

Undersøkinga kan avklare om du har bakterien Helicobakter pylori (HP) i magen. HP kan vere ei årsak til kronisk betennelse i magesekk og tolvfingertarm. Viss du har fått medisinar for å bli kvitt infeksjonen kan pusteprøva vise om behandlinga har vore vellykka.

Før

Du må faste i minst 6 timar før undersøkinga, det vil seie ikkje ete, drikke, røykje eller bruke snus. Du kan drikke litt vatn fram til prøvetidspunktet.

Du må oppgi høgd og vekt.

Dei to siste vekene før pusteprøva skal du ikkje bruke antibiotika eller syrehemmande medikament. Dersom du har brukt antibiotika eller syrehemmande, ta kontakt med avdelinga for å få utsett timen.

Barn har same førebuingar som vaksne, og pusteprøva blir utført på same måte.

Under

Undersøkinga byrjar med at du blæs luft inn i to prøveglas. Etter det skal du drikke 200 ml appelsinjuice.

(100 ml til barn), og eit verkestoff som er løyst opp i 30 ml vatn. Dette har ikkje smak.

Etter 30 minutt blæs du på nytt luft inn i to nye glas og testen er ferdig.

Etter

Når testen er ferdig kan du reise heim. Det er ingen spesielle omsyn å ta i etterkant. Undersøkinga har ingen kjende biverknader og testen kan nyttast av gravide og ved amming.

Når får eg resultatet?

Resultatet av prøva vil bli sendt til den legen som har vist deg og til fastlegen din i løpet av to veker. Det er visande lege som er ansvarleg for vidare behandling og oppfølging.

Pusteprøve brukt som kontroll for å sjå om bakterien er borte, kan tidlegast utførast 8 veker etter avslutta antibiotikakur.

Sist faglig oppdatert 07.05.2025

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.