Når du er medisinsk stabil og klar for rehabilitering rett etter akuttfasen, vurderer vi fortløpande tidspunkt for overflytting. Dette gjer vi i tett dialog med avdelinga som tilviser deg.
Rehabilitering - Tidligrehabilitering etter ervervet hjerneskade
Når du reknast som medisinsk stabil etter eit hjerneslag eller annan traumatisk hjerneskade, kan du bli overført til tidlegrehabilitering dersom du fyller inntakskriteria.
Kvar enkelt søknad om rehabiliteringsopphald blir vurdert ut i frå kva nytte ein forventar at det tverrfaglege rehabiliteringstilbudet kan gi. Fokus rettast mellom anna mot deltaking i tidlegare aktivitetar, og på bakgrunn av dette er det ofte pasientar i yrkesfør alder som blir prioritert.
Tilvising og vurdering
Akuttsjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise deg til rehabilitering. Tilvisinga skal innehalde områdene i sjekklista under.
Utredning
Behandling
Oppfølging
Kontakt
Stord sjukehus
Rehabilitering og fysikalsk medisin
Oppmøtestad
Rehabiliteringsdøgnposten er i 3.etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i 1.etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).
Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i 1.etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng.

Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord