Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Repetitiv transkraniell magnetisk stimulering (rTMS) er ei behandlingsform for depresjon. Dette er nevromodulerande behandling som stimulerer hjernen og påverkar dei delane av hjernen som er ramma av depresjon. Behandlinga er godkjent for behandlingsresistente depresjonar der pasienten har prøvd 2 eller fleire antidepressiv og samtaleterapi. Behandlinga er supplerande alternativ til medikasjon, psykoterapi og elektrokonvulsiv behandling (ECT).
Repetitiv transkraniell magnetisk stimulering (rTMS) er ein metode for å gi elektrisk straum i hjernen, ved hjelp av magnetiske felt. Vi bruker raske og kraftige magnetiske impulsar som blir sende gjennom ein behandlingsspole. Denne induserer magnetiske felt. Impulsane er så svake at det ikkje krevst noko form for anestesi. Likevel er stimuleringa sterk nok til å få nerveceller til å fyre.
Depresjon medfører ein ubalanse i aktiviteten av nervenettverk. Ved hjelp av ulike typar magnetisk stimulering påført ved TMS, blir balansen gjenoppretta slik at du oppnår god klinisk betring. Ved éi behandling av rTMS varer effekten i nokre minutt, men ved gjentatte behandlingar kan rTMS medføre langvarige endringar.
Behandlinga blir ofte godt tolerert av pasientane, og du blir følgd tett opp under behandling med kontrolltimar hos spesialist.
Behandlinga blir vanlegvis tolerert veldig godt, og biverknader er stort sett knytte til ubehag i stimuleringsområdet.
Krampeanfall kan førekomme (sjeldnare enn 1 gong per 1000 tilfelle).
Du må vere over 18 år for å få denne behandlinga.
Behandlinga har vore godkjent i USA og dei fleste europeiske land i fleire år allereie. Det er anbefalt i Storbritannias nasjonale retningslinjer, NICE guidelines for behandlingsresistente depresjonar.
Før behandlinga startar, går vi gjennom tilvisinga saman. Vi kjem også til å stille spørsmål om sjukdomshistoria di.
Du får informasjon om behandlinga og moglegheit for å vere med i kvalitetsregister. Til slutt går vi gjennom plan for behandlinga di.
Behandlinga skjer på sjukehuset.
Den første behandlingsdagen gjer vi førebuingar ved å måle motorterskel og finne rett behandlingspunkt.
Behandlinga får du vanlegvis i ein serie som varer i 6 veker, 5 dagar i veka. Kvar behandling tar mellom 3–10 minutt. Dei fleste er heime mellom behandlingane, og kan køyre sjølv til og frå behandling.
Det er ein fordel med tett samarbeid mellom den som har tilvist deg og sjukehuset under heile behandlingsforløpet. Du blir følgt opp med testar og observasjonar av ansvarleg rTMS-operatør gjennom heile forløpet.
Behandlinga blir evaluert løpande av behandlingsteamet med spesialist involvert.
Etter behandlinga blir du følgt opp vidare av poliklinisk behandlar så lenge det er behov.
To veker etter at behandlinga er slutt skal du ta dei same testane som da du starta.
Behandlinga er ikkje for personar som:
Avdeling for psykisk helsevern, Haugesund sjukehus, held til i 1. etasje.
Biologiske behandlingsformer (BBF) held til i 2. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen opp og følg skilting til ECT/TMS poliklinikk. Opningstider (telefontider) er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.
Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF
Pårørande og besøk
Pasientar og pårørande - Helse Fonna HF
Dersom det er særskilde behov for besøk utanom ordinær besøkstid, vil vi – så langt det er mogleg – leggje til rette for besøk eller følgje til pasientar.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund