Restless legs
Les meir om behandling av restless legs på sovno.no
Restless legs, eller urolege bein, blir kjenneteikna av ubehagelege sanseinntrykk eller kriblingar i beina, som blir lindra av rørsle/aktivitet. Når plagene er av ei viss alvorsgrad og hyppigheit blir det kalla restless legs syndrom eller Willis-Ekboms sjukdom.
Dei aller fleste av diagnosane innanfor søvnfeltet blir handterte utanfor sjukehus, slik som denne diagnosen. Tilvising til sjukehus er vanlegvis berre aktuelt når det er nødvendig med utgreiing med objektive søvnregistreringar.
Dersom plagene er svært store, til dømes fører til behov for sjukmeldingsperiodar og standard behandling har vore freista utan effekt, vil enkelte sjukehus ta imot pasientar også med denne lidinga.
Ved alvorlege søvnplager bør nærare utgreiing av søvn med søvnregistrering vurderast.
Nye og store framsteg har medført at restless legs syndrom i dag kan behandlast relativt effektivt. Val av behandling er avhengig av grada av symptom.
Les meir om behandling av restless legs på sovno.no
Restless legs blir rekna som ei nevrologisk liding som varer livet ut, men symptoma kan variere frå dag til dag. Dei fleste pasientane opplever god effekt av behandling, og kan fungere normalt på arbeid og i sosiale samanhengar.
Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund