Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Røntgen av nyrer og urinveier hos barn

Dette er ei røntgenundersøking med kontrastmiddel som gir ei framstilling av nyrene og urinvegane ned til blæra. Urografi blir tatt for å kartlegge funksjonen av nyrene og korleis nyrene skil ut urinen ned til blæra. Dette kan vi sjå ved å gi barnet kontrast gjennom eit tynt plastrøyr i armen (veneflon).

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som sender tilvisning.

Før

Det er av stor betydning at barn og unge som skal til røntgenundersøking, er godt førebudd. 

Det er derfor viktig at foreldre og føresette formidlar denne informasjonen vidare til barn og unge som skal gjennom undersøking med røntgen. 

Barnet kan møte ein time før undersøkinga for å få ein bedøvingskrem. 


Under

Når røntgenbilda blir tatt, må barnet ligge på eit undersøkingsbord med eit ganske stort apparat som vil bevege seg. Barnet må få innlagt ei «nål» i armen eller handa (veneflon). Gjennom denne set vi røntgenkontrast for at nyrene/urinvegane skal bli synlege på røntgenbilda. 

Vi tar fleire bilde, og barnet må ligge så roleg som mogleg for at bilda skal bli gode og tydelege. 

Under heile undersøkinga kan foreldre/føresette (ikkje gravide) vere saman med barnet. 

Heile undersøkinga varer i om lag 30 minutt, avhengig av kor raskt barnet klarer å tisse, og barnet kan reise heim etter dette. 

Vi legg vekt på at alle barn blir sett og høyrt her hos oss. 


Før undersøkinga kan barnet få eit plaster med bedøvingskrem på armen. 



Plasteret har ein bedøvingskrem som gjer det mindre vondt å sette inn veneflonen (eit lite plastrøyr), som vi treng for å kunne sette kontrast i blodåra til barnet. 


Barnet blir liggande på eit bevegeleg bord med eit bevegeleg røntgenrøyr over seg. 


Foreldre/føresette kan vere med under heile undersøkinga. Dette er ein stor tryggleik for barnet. 

 


Alle barn får med seg ein liten premie etter at vi er ferdige. 




Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Bilda blir beskrive av ein røntgenlege, og svaret blir sendt til tilvisande lege. 

Sist faglig oppdatert 16.02.2026

Kontakt

  • Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30
    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

  • Kontakt Urologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

    Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Eigendel

    Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

    Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

    Frikort

    Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

    Frikort for helsetjenester - Helsenorge

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
     
    Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
     
    ​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
     
    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.