Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Miksjonscystografi

Røntgen av urinblære og urinrøyr hos barn

Dette er ei røntgenundersøking som viser urinblæra og urinrøyret mens blæra blir fylt og tømt. For at urinvegane skal bli synlege på bilda, bruker vi kontrastmiddel.

Undersøkinga blir gjord som ein del av utgreiinga ved for eksempel urinvegsinfeksjonar, kartlegging av misdanningar, mistanke om tilbakestrømming av urin til urinleiarane (refluks) eller tronge parti i urinrøyret. 

Formålet med denne undersøkinga er å sjå korleis urinblæra fungerer, og kva som skjer når barnet tissar. Barnet får derfor lagt inn eit tynt kateter i urinblæra, som blir fylt med kontrastmiddel. Når blæra er full, skal barnet tisse på undersøkingsbenken mens vi tar bilde av urinvegane. 

Tilvising og vurdering

Tilvising blir send frå legen til barnet.

Sist faglig oppdatert 16.02.2026

Kontakt

  • Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

    Besøkstider

    • I dag 17:00 - 18:30
    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

  • Kontakt Urologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

    Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Eigendel

    Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

    Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

    Frikort

    Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

    Frikort for helsetjenester - Helsenorge

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    På helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontantar. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar i toppetasjen på parkeringshuset. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelinga dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
     
    Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
     
    ​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
     
    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.