Sepsis

Sepsis (tidlegare kalla blodforgifting) er ein alvorleg infeksjon som kan føre til at organa i kroppen sviktar. Tilstanden kan vere livstruande, dersom han ikkje blir oppdaga og behandla i tide. Behandling av sepsis er primært antibiotika og væske.

Utgreiing

Diagnosen blir stilt av ein lege på bakgrunn av symptoma du har, ulike undersøkingar og blodprøver. Om legen mistenkjer sepsis skal du sendast til næraste sjukehus.

Mange undersøkingar kan vere aktuelle på sjukehus, mellom anna blodgassanalyse, blodprøvar, EKG, bakterieprøvar, virusprøvar, urinprøve, avføringsprøve, røntgenbilete, CT-bilete. Det blir i tillegg gjort ei klinisk undersøking der legen undersøkjer deg. Legen tek også opp sjukehistoria di for å kartleggje symptoma og moglege årsaker til at du har sepsis.

Kva prøver som blir tekne avheng av sjukdomsbiletet ditt.

Behandling

På sjukehuset blir du behandla med antibiotika, væske og oksygen ved behov. Dei sjukaste med organsvikt må vi behandle på intensivavdelinga.

Ofte er behandling nødvendig i 10 – 14 dagar.

Oppfølging

Oppfølging etter sepsis er veldig individuelt.

Pasientar som blir friske etter at dei er behandla for sepsis, kan returnere til dagleglivet utan varige mén. Sepsis kan likevel føre til alvorlege og livstruande komplikasjonar som til dømes sviktande hjarte- eller lungefunksjon, forstyrringar i blodlevring, nyresvikt eller leversvikt. Eldre og pasientar med kronisk sjukdom eller medisinbruk som svekkjer immunsystemet, har større risiko for livstruande komplikasjonar. Tidleg diagnose og behandling betrar leveutsiktene.

Ver merksam

Ubehandla sepsis vil i dei fleste tilfelle medføre død. Det er viktig at du blir lagd inn på sjukehus så raskt som mogleg dersom du har teikn på alvorleg infeksjon.

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk intermediær overvaking (MIO)

Kontakt Medisinsk intermediær overvaking (MIO)

Oppmøtestad

MIO held til i Vestblokka. Gå inn hovudinngangen på Haugesund sjukehus, ta heisen ved Narvesen kiosken til 2. etasje. Gå til høgre og ring på ringeklokka. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.