Hos ortoped vil du gå gjennom ei grundig undersøking. Ortopeden vurderer behov for tilleggsundersøkingar som til dømes røntgen, ultralyd eller MR. Basert på funn i undersøking og samtale vil de bli samde om vidare behandlingsplan.
Dersom du blir tilrådd operasjon kan det vere ventetid. I denne perioden er det ein fordel at du held fram behandlinga hos fysioterapeut eller gjer øvingar på eigenhand. Formålet med behandlinga er å hindre stivleik i skuldra, redusere smerte og førebu deg til operasjon og trening du må gjere etterpå.
I forkant av operasjonen vil du gå gjennom dei siste førebuande undersøkingane du treng og få meir informasjon om kva som skal skje når du blir innlagd.